November/Desember 2007
Isfest på Uvdalstjønna
Nedanfor ser du bilder frå arrangementet som Bø Turlag, Miljøagentane og Bø Fiskelag hadde på Uvdalstjønna søndag 9. desember. Aktivitetsutvalget stelte til pilkekonkurranse, og resultatet blei:
       Dag Halvard Kaasa:                10 fiskar
       Per Ingar Bergan:                     5 fiskar
       Dottera til Frode Bergan:           1 fisk
Det var premie for flest fiskar og størst fisk, og begge desse havna innanfor aktivitetsutvalget som ikkje syntes at dei kunne gje premiar til seg sjølv, og delte dei ut til ungane som var til stades. Premiane var godteposar. Som ein skjønar gjekk det heile uhøgtideleg føre seg.
Årsmøtet
Dato for årsmøtet er fastsett til 8. februar. Nærare informasjon vil bli annonsera i Bø Blad. Større saker som ein vil ha handsama på årsmøtet må vera styret i hende seinast 15. januar.
Herrefoss
Om saka, sjå nedanfor under August/September.
Styret arbeider vidare med å førebu innspel i samband med konsesjonssøknaden som selskapet Herrefoss Kraftverk skal fremja.
Mellom anna har ein skaffa greie på kva for utgreiingar som blei gjort i 1990 i samband med den tidlegare konsesjonssøknaden, og som kommunestyret visa til i møtet 3. september. Det visar seg at det ikkje er gjort undersøkingar om gyte- og oppveksttilhøve for auren ovanfor Herrefossen. Ein har nøya seg med å anta at ei senking av høgaste regulerte vass-stand frå kote 116 til kote 115 vil ivaretaka omsynet til den nedstraumsgytande storauren. Denne senkinga var for øvrig gjort hovudsakeleg av omsyn til grunnvassbrønnane ved Hagadrag.
Laget vil og få vurdera andre ting, så som oppvandringsmuligheter for fisk.
Oktober/November 2007
Holmen
Laget sin mest ihuga Lifjell-tråvar, Gunnar Rønningsland, melder etter tur helga 10/11 november at vinteren no er komen til Holmen-området. Holmen er islagt bortsett ifrå den aller øvste delen.
Eit anna vintertegn er at musene, som er svært talrike i år, byrjar å trekke i hus. I gamlehytta, der døra hadde vore litt på gløtt, hadde dei herja fælt, og skumgummibitar frå madrassane låg utover heile golvet, kan Gunnar fortelja.
Restriksjonane på bruk av hyttene som vi tidlegare har meldt om (sjå under August/September), står framleis ved lag.
Stamfiske
Det blei ikkje noko stamfiske i år. Etter fleire år med vellukka stamfiske og klekking, sit vi inne med så mykje settefisk som vi ikkje får avsetnad for at klekkeriutvalget fann det rett å sløyfa fiske i år.
Dette er litt uheldig, då ein ikkje får kontinuitet i årsklassane, men alternativet var å dumpa fisk, og det er noko fiskeentusiastar ikkje likar.
September/Oktober 2007
Ein sommar er over
som det heitte i ei vise på 70-talet. Det er tid for oppsummering av sommarens hendingar, det vera seg fine fiskeopplevingar, trivelege dagar på hytta, dugnader og meire kvardagslege gjeremål som til dømes stell av fisken i klekkeriet.
Biletet under er teke på Holmen tidleg i august og visar dugnad på uthuset. Kan du ikkje formeleg kjenne den gode tjyrulukta ?
Tynningsfiske i Holmen
Tynningsfisket har i år vore drive med bruk av teiner, i staden for med storruse som tidlegare. Resultata i det siste tydar på at det er ein meire effektiv, og ikkje minst meire lettvinn metode.
Stamfiske
Det er snart tid for stamfiske. Avdi ein har relativt mykje settefisk “på lager” vil det i år bli ein noko redusera aktivitet, men det vil bli så pass at ein sikrar kontinuiteten når det gjeld årsklassar.
August/september 2007
Utsetting av fisk
Det er tid for utsetting av fisk i tjønnar og vatn, og laget har merka ein del interesse frå grunneigarar og andre for kjøp av settefisk, men denne verksemda blir hemma av seindrektig sakshandsaming frå Miljøvernavdelinga i Fylket si side. Noko er selt, men det er enno meir att, både ein-, to- og tresomrig.
Biletet nedanfor visar klargjering i klekkeriet for transport og utsetting.
Fisken et komen på plass i solid plastpose, og surstoff fyllast på. Så knytast det skikkeleg for, og det heile plasserast i endå ein plastpose med skikkeleg knute.
Holmen
Hytta og området rundt blir mykje bruka, og det er i og for seg fint, men på grunn av at hytte og uthus står opne fører det til problem for laget ved at nokre ikkje følgjer hyttereglane, m. a. når det gjeld overnatting og orden, og ved at dokapasiteten blir i minste laget. Ein held og på å gå tom for ved.
Av desse grunnane har styret bestemt at det frå komande helg (8/9 sept.) og inntil vidare, berre er dei som utfører konkrete oppdrag (vedlikehald, fiskestell, sauesankarlaget etc.) som kan bruka hytta. Det vil og gjelde den gamle hytta som enno står.
Lavvoen blir og teken ned denne helga.
Herrefoss
3. september hadde Bø kommunestyre møte, og ei av sakene var bygging av eit småkraftverk i Herrefoss.
Ei arbeidsgruppe nedsett av kommunen har i dei seinaste 10 månadene utgreidd saka og anbefalt for kommunestyret at ei utbygging blir iverksett.
I det høvet sendte laget på førehand for kommunestyremøtet brev til gruppeleiarane for dei politiske partia, der ein peika på at biologiske og rekreasjonsmessige verdiar kan bli sterkt påverka, slik at ei grundig konsekvensutgreiing må bli gjort før ei mogeleg utbygging, sjølv om krava til slike utgreiingar ikkje er like store som dei som gjeld for større utbyggingar.
Ein del av planprosessen har vore ei utgreiing som Planselskapet Bøfossane AS fekk laga i 2006 om forventa konsekvensar av ei utbygging for det biologiske mangfaldet. Utgreiinga blei laga av Faun Naturforvaltning AS og oppsummerar i hovudsak kjent kunnskap, og omfattar lite nye opplysningar, og ingen fysiske granskningar.
Laget bad i brevet om at ei konsekvenutgreiing må omfatta:
Verknaden av oppstuvinga oppstraums inntaksdammen på toppen av Herrefoss. Denne vil gjera seg gjeldande ca. 600 m opp i elva og truleg ødelegge dei viktigaste gjenverande gyteområda for storauren i Seljordsvatnet, på grunn av redusera straumhastighet og tilslamming. Denne nedstraumsgytande stammen er ein av dei få kjende her i landet, og difor av stort nasjonalt verde.
Verknaden for ålen sin bruk av elva som oppvandringsveg oppover til mindre elvar og vatn.
Verknaden for elvemuslingen.
Verknaden for bruken av elva til sportsfiske ovanfor inntaksdammen der ein får oppstuvningseffekt. Dette området er det mest brukte, og kanskje det beste, for sportsfiske i heile elva ovanfor Oterholtfossen.
Kommunestyret vedtok med 18 mot 7 røyster å skipa selskapet Herrefoss kraftverk, som skal arbeide vidare med saka og søka om konsesjon.
Å døme etter avisreferata blei miljøkonsekvensane, m. a. det som gjeld fisket, lite omtala på møtet.
Det blei visa til dei utgreiingane som blei utførte på dette feltet under arbeidet med Bøfossane/Herrefoss i 1990.
Laget er skuffa over at innspelet blei teke så lite omsyn til, men det vil arbeida vidare, m.a. finna ut kva utgreiingane i 1990 konkret gjekk ut på.
Klekkeriet
Klekkeridrifta går bra, og dødeligheta er ikkje større enn normalt. Den kritiske fasen etter at foringa starta gjekk utan større problem. Flaumperiodane vi har hatt i sommar påverka vasskvaliteten noko, uten at yngelen såg ut til å ta skade.
Noko av settefisken er selt, men det er framleis mykje att, både ein-somrig og to-somrig.
Kjøparar må vera merksam på at Miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen skal godkjenna all utsetting. Søknadsskjema kan fåast hos oss.
Juli/august 2007
Meitekonkurransen på Tveittjønna 26. august
Aktivitetsutvalget melder om skuffande lita deltaking. Berre 12 personar var påmelde. Fangstresultatet var heller ikkje noko å skryta av, to tryter og ein aure, alt fiska av same person. Einaste lyspunktet var at auren var rektig fin og vog 430 gram.
Kva er det som gjer at det mellom så mange medlemer er så få som finn det attraktivt å bruka ein sinsommarsundag med fint ver til å prøva fiskelukka saman med andre, og kanskje få napp, både på markkroken og i vandrepokalen ?. Dette undrar Aktivitetsutvalget seg på, og lurar på om fiskekonkurransane bør leggast opp på anna vis.
Juni/juli 2007
  Stor fiskehelg på Lifjell !!
Helga 30 juni – 1 juli var det 24 timars fiskekonkurranse (klubbmeisterskap) på Lifjell. Deltakinga var ikkje overveldande, men til gjengjeld var fangstresultatet noko av det beste i lagets si historie.
Nedanfor finn du aktivitetsutvalgets sin rapport:
Det var 12 påmeldte til konkurransen, som er det beste på fleire år, men likevel for dårleg når laget har over 400 medlemer! Kanskje må veret ta skulda for det.
I utgangspunktet såg det ut til å bli dårleg ver, men utover ettermiddagen klarna det opp, og det blei ei kjempehelg for dei som var med.
Det var mykje klekking i vatna, og dette gav seg utslag i fisket. Aldri har det vel blitt fiska så mykje fin fisk i vatna våre som denne helga. Nærare 60 fisk, og dei alle fleste av ypperste kvalitet. Dette gjaldt både i vatna på Skåråfjell, Nybu og Røksbu.
1. premie for flest fisk gjekk til Gjermund Gåra med 20 fiskar. Her blei Gunnar Langkaas ein god nummer to med 12 fiskar.
Største fisk fekk Bjørn Olav Haukelidsæther frå Ulefoss med ein smellfeit aure på 43 cm, som renska vog 960 g! Han fekk i tillegg 5 fine aurar. Han mista og 3 stk som han ikkje fekk inn, og som han sjølv meinte var større enn den største som han fekk. Det var tørrflue han fiska på.
I klassa under 16 år stilte kun ein deltakar (!), og det var Lars Haukelidsæther frå Ulefoss. Han fekk 5 fiskar.
Aktivitetsutvalget vil oppmoda medlemene til å ta fram fiskesakene, for no er det fin fisk å få på fjellet !!
Mai/juni 2007
Kraftutbygging i Bøelva
Bø kommune vurderar bygging av eit småkraftverk i Herrefoss, og etter det laget kjenner til skal saka opp til prinsippavgjerd til hausten. Etter det kan det bli skipa eit selskap som skal stå for utbygging, og konsesjonssøknad kan bli utarbeidd.
Det har tidlegare versera utbyggingsplanar, både for Herrefoss og for dei såkalla Bøfossane, og laget har gjeve uttale der konklusjonen var at ut frå ein fiskesynsstad ville konsekvensane i det store og heile vera negative (sjå under 1990 på sida “Bø Fiskelag si historie”).
Denne gongen vil laget prøva å koma med meir konkrete innspel, og ein vil vera tidleg ute. Ein vil oppmoda til at konsekvensutgreiing blir utarbeidd sjølv om dette kanskje ikkje er eit krav for så pass små utbyggingar.
Eit konkret punkt ein vil ta opp er dei konsekvensane oppstuvninga av vatn ovanfor Herrefoss kan ha for den nedstraumsgytande storaurestamma i Seljordsvatn. Dette vedkjem og fiskeinteresser i Seljord, og laget vil ta kontakt med Seljord JFF.
Toppen av Herrefossen med mogeleg damstad
April/mai 2007
Klekkeriet
Klekkinga har gått fint, både for Landsmarka-rogna og for Holmen-rogna, og dødeligheta har ikkje vore større enn normalt. Bekymringa ein hadde i februar for den tidlige klekkinga av Holmen-rogna ser ut til å vera ubegrunna.
Startforing har byrja, og det er spennande korleis utviklinga går vidare.
Laget har settefisk av aure for sal, både ein-somrig og to-somrig. Den ser ut til å vera livskraftig, og den ventar berre på å koma ut og befolka tjønnar og vatn. Sjå bildet nedanfor.
Klekkeriutvalget ønskjer seg fleire med på laget. Har du lyst til å delta i dette interessante arbeidet, så ta kontakt med ein i utvalget eller i styret (sjå sida “Styre og utvalg”).
Pilkekonkurransen på Holmen 15. april
Nedanfor finn du Aktivitetsutvalget sin rapport:
Klubbmeisterskap i isfiske på Holmen 15.4.
Dette gjekk føre seg i eit aldeles strålande ver. 14 deltakarar i vaksenklassa og 4 i barneklassa.
I barneklassa var det ein som fekk fisk, og det var 4-årige Hans Arvid Kaasa med ein fin aure på 224 g. Dette var dagens største uansett klasse. I vaksenklassa var det også berre nokre få som fekk fisk.
Vinnar vart Gunnar Rønningsland med 3 fiskar framfor Dag Hallvard Kaasa med 2 fiskar. På 3. kom Sigbjørn Tjønnås og 4. Henning Rønningsland. Begge desse fekk au 2 fiskar, men tapte på vekt.  Av dei resterande var det ingen som fekk noko. Torstein Tjønntveit mista to, Knut Elvang hadde eitt napp, mens Kaja Elvang og Helga Eika hadde h.h.v. eitt bånnapp og eit kraftig bånnapp.
Etterpå grilla me og kosa kånn i finveret før me reiste nedatt.
Det var ein vellukka tur, og spesielt Torstein Tjønntveit (som ikkje hadde vore på Holmen på over 50 år) og Kaja og Knut Elvang sette utruleg stor pris på å få oppleve dette. Stor Takk til Sigbjørn for at denne turen let seg gjera!.
Nedanfor ser du bilete frå den vellukka dagen på fjellet.
     
        Rekruttar til Bø Fiskelag                        Spreidd orden på Holmen-isen
     
       Blir det napp snart ?                                Rast i hytteveggen.
Ny båt i Holmen
Laget har kjøpt ny båt til bruk i fiskekulturarbeidet i Holmen, til erstatning for den gamle som blei øydelagd førre år. Det er ein ny 12 fots Pioner.
Uthus på Holmen
Frå månadsskiftet mars/april har det vore stor aktivitet i samband med bygginga av uthuset til den nye hytta på Holmen, noko som går fram av bileta nedanfor. Ein ivrig dugnadsgjeng har trossa vinteren og mura pillarar, lagt svill, reist stolpar, lagt tak og snekra veggar.
Svilla er lagt
Sameinte krefter
Her ser du huset nestan ferdig. Bildet er tatt 15. april.