Desember 2009
GOD JUL
Med førjulsstemning på Uvdalstjønna ønskjer vi medlemene og alle andre lesarar av heimesida vår ei
god jul og eit godt nytt år.
November 2009
Lifjellkvelden
Jørund Lie var i sitt ess og veksla mellom fakta om området og det folk har dreve med der, fine naturskildringar og gode historier om nokre
av dei originalane som har ferdast i fjellet. Best var han kanskje då han fortalde om då han som liten gut opplevde vårnatta saman med
far sin på fisketur inne ved Løyningen. Eit par dikt fekk han og fletta inn.
Oppmøtet, 18 personar, var ikkje all verda, men alle saman såg ut til å ha det triveleg, og praten gjekk livleg ved kaffibordet etter Jørund sitt
kåseri.
Medlemsmøte med Lifjell som tema
Endeleg kan vi invitera til ein verkeleg Lifjellkveld, der vi har ein ressursperson med oss til å fortelja om Lifjell i eldre og nyare tider.
Det er ikkje mange som er så kjent i, og veit så mykje om dette mangfaldige fjellområdet som Jørund Lie.
Møtet blir halde torsdag 26. november i lagshuset på Oterholt og tar til kl. 19.
Det blir laust og fast om fiske og andre aktivitetar, iblanda ei og anna god historie.
Det er meininga å få i stand ein skikkeleg dialog, og alle som har noko å bidra med oppfordrast til å ta ordet.
Det blir kaffi og noko å bite i, og vi prøvar å få i stand lysbilde/videoframsyning.
Sjå annonse i Bø Blad torsdag 19. november.
Oktober 2009 
Andre runde av stamfisket
gjekk føre seg laurdag 31. oktober i Landsmarka, saman med Landsmarka Jeger-og fiskeforening. Frå oss var Alf Hvitsand og kona med (damene må  aktiviserast !).
Frå Landsmarka var det god deltaking, også av den unge garde.
Til saman blei det samla 1,5 dl.rogn, som blei lagt inn i klekkeriet vårt. Landsmarka Jeger og fiskeforening har ikkje eige klekkeri, men når dei har behov kan dei hente yngel og settefisk hos oss. 
Stamfiske
Helga 17- 18 oktober gjekk første runde av haustens stamfiske av stabelen på Holmen. Isen hadde så smått byrja å legge seg i bekkeosa, men
ellers var tilhøva strøkne. Serleg var veret fint, som ein kan sjå av bileta. Trass i dei gode tilhøve blei fangsten svært liten.
Andre nettstader
Vi må halde oss oppdatera på kva andre, som driv med noko av det same som vi, steller med. Difor er det oppretta ei eiga side med linkar til andre aktuelle nettstader. Klikk på “Linkar” i menyen til venstre.
Bygging av uthus ?
Vi har søkt kommunen om løyve til å byggje eit uthus på 50 – 70 m2 på det kommunale området vi disponerar ved lagshuset på Oterholt.
Førebels har vi fått avslag, med den grunngjevinga at det vi skal bruka huset til – mellom anna lagring av bandvogna – ikkje høver med
reguleringsføremålet for området, som er ” almennyttige føremål”. Kommunen gav opning for å sjå på saka på nytt dersom vi kunne dokumentera betre samhøve med reguleringsføremålet, så vi har søkt på nytt og invitera kommunen på synfaring.
September 2009
Hagadrag
Familiedagen blei arrangera som planlagt sundag 27. september i eit nærast perfekt ver, men deltakinga var ikkje overveldande. Omlag 40 personar møtte, med stort og smått.
Bø Turlag stod som arrangør og hadde med seg Øvre Bø Ungdomslag og Bø Fiskelag.
Det var ulike aktivitetar både for store og små, så som jakt med kjempesprettert på svømmande elg, “orienteringsløp” med elg som tema, kanopadling, grilling og koking av ekte bålkaffe, som blei fortært med nysteikte vaflar innatt.
Howard Parker og Svein Mikelborg møtte for Bø Fiskelag, og dei hadde som oppgåve å demonstrera ulike fiskemetodar, og kanskje avsløra nokre
fisketips. Howard Parker sin instruksjon i flugekasting vekte stor interesse, som bileta nedanfor syner.
      
    
Familiedag ved Bøelva
Bø Turlag, saman med Øvre Bø Ungdomslag og Bø Fiskelag, arrangerar familiedag ved Hagadrag sundag 27. september kl.11.30 – 15.00. Det blir aktivitetar av ymse slag, mellom anna “jakt” på svømmande elg i Bøelva og demonstrasjon av fiskemetodar. Det blir bål til eigen grillmat, sal av vaflar og servering av gratis kaffi.
Sjå annonse frå Bø Turlag i Bø Blad 17. september og annonse og omtale frå Bø Turlag i Bø Blad 24. september.
Frå laget vårt er det førebels, på grunn av den verkelege elgjakta, berre ein person som vil vera med, men det er eit sterkt ynskje om at fleire stillar opp og fortel om oss og kva vi driv med, og lærer bort litt av fiskeknepa sine. Hugs at det truleg vil vera mange heilt unge til stades, og det vil derfor vera eit godt rekrutteringstiltak.
Kan du stilla, så ta kontakt med Svein i telefon 35951073/93658245.
  
August 2009
Meitefiskekonkurransen 2009
gjekk av stabelen som planlagt, men med skuffanda lita deltaking. Aktivitetsutvalget ved Helge Eika rapporterar:
Årets meitefiskekonkurranse vart halden på Tveittjønna 30. august med 6 deltakarar totalt; 4 i vaksenklassa og 3 i barneklassa! Med så dårleg oppslutning må ein lure på om det er nokon vits i å halde fram med slike arrangement. Likevel; me som var med hadde det koseleg i finveret, og det vart også tatt nokre fisk, deriblant 2 fine aurar på rundt 300 g.
Vinnar i vaksenklassa, og med napp i vandrepokalen, vart Svein Mikelborg med 6 fiskar. Han fekk 5 trytur og ein fin aure på 302 g; totalt 677 poeng.  På andre plass kom Helge Eika med ein fin aure på 312 g.
I barneklassa vant Hans Arvid Kaasa med ei tryte på 76 g framføre syster si, Nina Kaasa, med ei tryte på 56 g.
     
Prosentvis var den heilt unge garde sterkt representert. Her får dei sine premiar. Du ser og andremann i vaksenklassa, men vinnaren – eldstemann – kom ikkje med då kamerabatteria ikkje ville meir.
Meitefiskekonkurranse
Bø Fiskelag inviterar til meitefiskekonkurranse i Tveittjønna sundag 30. august. Følg skilting frå Lundevegen mot Tveiten.
Det er påmelding på staden frå kl. 1200 og fiske frå kl. 1300 til kl. 1600.
Påmeldingsavgift kr. 50. Ta med mat og drikke. Sjå annonse i Bø Blad.
Dette er noko av det beste du kan nytta seinsommarsundagen til !. Du kan få både tryte og fin aure. Sjå nest siste bilde i fotoalbumet. 
Hyttevedlikehald
Tre blir fort verslite og grått på 1000 m høgde, og kvart år må det til ein omgang med tjære.
Bildet nedanfor visar uthuset på Holmen etter årets vedlikehaldsinnsats.
Kalking på Holmen
7. august gjekk den årvisse kalkinga på Lifjell av stabelen. Bildeserien nedanfor visar tre stadiar av kalkutslepp på Holmen.
No er leveforholda for fisken sikra for enno eit år med omsyn til den sure nedbøren, som framleis er eit problem ifølgje klimaforskarane. Vi må ikkje gløyme dette midt oppe i all CO2-fokuseringa.
Dei i laget som har nokre år på baken vil nok minnast slitet med kalkinga då dette var ei dugnadssak, med weaseltransport og spreiing på is og i bekkefar.
No er dette ei fellessak for heile Lifjell i regi av fylkesmannen si miljøvernavdeling, og laga sin innsats er avgrensa til innhenting av vassprøvar for måling av pH- verdiane. Storleiken av det offentlege sin økonomiske innsats kan nok diskuterast, men det er i alle høve ein fordel at kalkinga utførast som ei fellessak for større område, framfor at kvart lag skal søkje om midlar og utføra det på dugnad.
     

Juli 2009
Besøk på heimesida vår
Besøksfrekvensen har auka i det siste. I juni i fjor var det 158 besøk av 126 såkalla “unike gjester” (ein del hadde vore innom fleire gonger). Tilsvarande tal for juni i år var 263 og 147.  Statistikken fortel og kor gjestane kjem ifrå. I juni i fjor høyrde fleirtalet til utanfor Noreg, og USA toppa. I juni i år høyrde det store fleirtalet heime i Noreg.
Vi har no fått ein automatisk teljar der ein til ei kvar tid kan sjå talet på besøk, frå 9. juli 2009. Du finn han nederst til venstre på botnfeltet på kvar side.
Fiskekonkurransen
blei arrangera med heller dårleg deltaking, men med bra resultat for en del av dei få som deltok.
Aktivitetsutvalget v/Helge Eika rapporterar:
Den årvisse 24-timars fiskekonkurransen for medlemmene i vatna våre på Lifjell, vart halde helga 4. til 5. juli. Flesteparten av dei 8!! (skjerp dekkan) deltakarane som var med, drog opp i finveret på fredagskvelden, både for å fiska og for å få tatt vassprøver før konkurransen starta kl. 14 på laurdag. Rett etter at konkurransen starta, kom uveret med regn, og framfor alt torever som kom i to omgangar. Heldigvis letta det, og kvelden vart rett så fin, men fiskebettet forsvant visst etter uveret.
På sundagen var det tåke og litt duskregn i lufta, men ein slapp toreveret. Likevel var fiskebettet dårleg, og flesteparten drog ned att frå fjellet i god tid før innveging på klubbhuset kl. 17.
Likevel vart det tatt nokre fisk. Vinnar vart Gunnar Rønningsland med 11 fisk på totalt 1125 g. Han fiska i Holmen, og der er det som kjent mykje småfisk.
NR. 2 vart Dag Hallvard Kaasa med tre fiskar og 686 g. Han hadde og den største fisken, 338 g. ferdig sløya. Han tok og 4 utanom konkurransen, og alle saman vart tatt i Klokkesteintjønna. Her er fisken veldig fin. Alle er feite og fine, og raue i kjøtet. Eit vatn å anbefale! (sjå bilete).
Det er verdt å nevna at ingen stilte i ungdomsklassa. Kva kan vi gjera for å betra på dette ?.  
Ein stolt fiskar ved Klokkesteintjønna
Juni 2009
Årets 24 timars fiskekonkurranse på Lifjell for medlemer
blir arrangera helga 4. – 5. juli. Konkurransen startar lørdag kl. 14.00 og avsluttast søndag kl. 14.00. Påmelding på lagshuset på Oterholt lørdag før kl. 11.00. Det vil og vera mogeleg å melda seg på med SMS innan fredag 3.7 kl. 22.00, til Per Ingar (95297917) eller Helge (90960824).
Veiing og premiering på lagshuset søndag frå kl. 17.00.
Det vil koma annonse i Bø Blad torsdag 2.7. Ver då obs på eventuelle endringar i programmet.
Skitt fiske
Fiskesesongen er forlengst igang, og noko forsinka ynskjer vi medlemene og andre lesarar av nettsida skitt fiske.
Utsetting av lakseyngel
8. juni blei 70 000 lakseyngel sett ut på forskjellige stader i Bøelva nedanfor Oterholtfossen. Yngelen var levera frå klekkeriet til Grenland Sportsfiskere for Statskraft si rekning, og som vanleg var det medlemer frå Bø Fiskelag som gjorde utsettinga i Bøelva på dugnad.
Mai 2009
Flugebindarkurset
som blei annonsera i mars blei arrangera som planlagt, men Howard Parker er ikkje heilt fornøgd. Deltakinga variera sterkt frå kveld til kveld, frå 1 til 5, og han kunne ha ønskt seg fleire deltakarar utanom høgskulen.
Han meiner at opplegget bør diskuterast før neste års kurs.
April 2009
Dei mystiske røyene i Klokkesteintjønna
Sidan det ikkje blei nokon pilkekonkrranse i år får vi trøste oss med eit bilde av ei av dei to mystiske røyene i Klokkesteintjønna. Sjå omtala av Klokkesteintjønna på sida Fiskemulegheitar.
Pilkekonkurransen enno ein gong
Denne gongen må vi diverre melda at konkurransen i år må avlysast.  Aktivitetsutvalget vurderar istilhøva til å vera for dårlege, og dei har sett seg føre å vera tidlegare ute neste år.
Pilkekonkurransen
På grunn av problemer med transporten blir konkurransen halden på Jønnbutjønna denne gongen (like ved Jønnbu parkering for dei som ikkje er kjente).
Sjå nærare detaljar i annonse i Bø blad torsdag 16. april.
Bø Turlag
Under sida “Fiskemulegheiter” har vi no laga link til nettsida til Bø Turlag, som har aktivitetar, mellom anna løypemerking, i nokre av dei samme områda som vi på Lifjell.
Pilkekonkurransen,
som er for laget sine medlemer, blir halden på Holmen sundag 19. april. Avhengig av transportmåte, som enno ikkje er klar, kan konkurransen bli lagt til Skåråfjellholmen.
Der blir ordna med transport til og frå, og oppmøte er på Jønnbu seinast kl. 0900.
Prisen er kr. 100 pr. pers. for vaksne (over 16 år), og kr. 50 for born. Dette inkluderar transport og påmelding til konkurransen.
Ta med mat og drikke.
På grunn av transporten ønskjer vi tilbakemelding på om du kjem, til Helge i telefon 90960824, Per Ingar i telefon 95297917 eller Dag Halvard i telefon 97124479, innan fredag 17. april kl. 2200.
Nærare om konkurransen, inkl. eventelle endringar, sjå annonse i Bø Blad torsdag 16. april.
Mars 2009
Flugebindarkurs
Det blir flugebindarkurs i år og. Instruktør er i år som i fjor Howard Parker, men han har med seg Kristian Moseby, som er student ved HiT og dyktig flugebindar.
Dei kan totalt ta 10 deltakarar, og det har alt meldt seg 7 interesserte, slik at det førebels er plass til 3 til.
Kurset går over 4 onsdagar, 15. april, 22. april, 29. april og 6. mai.  Alle dagar kl. 1830 til 2030.
Stedet er lagshuset på Oterholt. Dei som har utstyr kan ta det med, men vi har utstyr til dei som ikkje har sjølve.
Meld di interesse på e-post under “Kor finn du oss” på hovudsida, eller til Howard Parker direkte på telefon 35 95 17 46.
Lifjellkvelden
Sjølv om vi måtte unnvera hovudpersonen, og sjølv om arangementet blei noko improvisera, blei det ein rektig så hyggeleg kveld for dei 17 personane som var til stades. Frammøtet var større enn det plar vera på dei vanlege torsdagstreffa, men vi kunne ha ønska oss fleire, serleg frå den heilt unge garde.
Fine lysbilde og ein spennande fiskefilm vekte interesse, og praten gjekk rundt langborda.
Lifjellkveld
Jørund Lie har diverre vore nøydd til å gje avbud, men obs vi arrangerar kvelden likevel, utan Jørund. Vi kjører eit fint lysbildeshov frå Lifjell med kommentarar etter kvart. Alf Hvitsand og andre har litt av kvart å fortelja. Dessutan blir det kaffi og kaker og hyggeleg prat rundt langbordet. Ta med godt humør og dei gode historiene du måtte ha, frå Lifjell og andre stader.
Kanskje kan Jørund Lie stilla opp ein gong etter påske.
Lifjellkveld
Møt opp på lagshuset på Oterholt torsdag 19. mars klokka 19, så får du høyre om Lifjell i fortid og notid, med hovudvekt på fiske. Jørund Lie veit kva han snakkar om, så dette blir interessant ! Vi sper på med lysbilde og mogeleg video, og det blir kaffi og noko å bite i.
Merk! Dette blir berre annonsera her på heimesida, så sett eit kryss i kalenderen.
Fotoalbumet
Vi har gjort om fotoalbumet vårt til eit lite lysbildeshow.
Februar 2009
No kan du snart støtte laget økonomisk utan at det kostar deg sjølv eit øre !
Med det aller fyrste får alle medlemene brev med orientering om korleis ein skal gå fram for at laget skal få inntil 5 % av innsatsbeløpet, når du spelar hos Norsk Tipping. Dette er kalla Grasrotandelen.
Klekkeriet
Dei første små liva med eigen nistepakke har no, i midten av februar, byrja å visa seg i klekkekara. I den kuldeperioden vi har hatt i det siste har temperaturen i vatnet vore så låg som +0,4 grader, men likevel har klekkinga starta. Det er ikkje temperaturen i augneblenken som er avgjerande for når dette skal skje, men temperaturen over tid, målt i såkalla døgngrader.
Årsmøtet
Årsmøtet gjekk føre seg på lagshuset fredag 13. februar med 19 frammøtte.
Sakene var dei vanlege, og valget var sett fram til med ei viss spenning med tanke på det som hende på årsmøtet i fjor. Det gjekk likevel greitt, då det blei gjenvalg over heile fjøla, med unntak av uriasposten valgnemnd. Der hadde Kjell Nordbø – forståeleg nok- fråsagt seg gjenvalg. Spontant, etter initiativ av Gunnar Rønningsland, blei det på møtet sett saman ei mannsterk nemnd som blei valgt med akklamasjon (sjå Styre og utvalg).
Det sosiale innslaget var som vanleg vellukka, sjå bildet.
Tradisjonsmat er blitt ein tradisjon på årsmøta
Besøk på heimesida vår
På ei eiga side, som ein må ha passord for å åpna, lagar systemet løpande statistikk over “trafikken” på heimesida vår.
I heile 2008 hadde vi til saman 2091 besøk på nettsidene. Det var 1311 såkalla unike gjester (ein del var på besøk fleire gonger, slik at det i gjennomsnitt var 1,59 besøk pr. gjest). Månadene juli og august toppa – ikkje uventa – med høvesvis 147 og 137 unike gjester.
Dette høyrest jo fint ut, men når ein går inn i detaljane, blir det ikkje fullt så gunstig. Det finst og statistikk over kva for land dei besøkande kjem ifrå, og der toppar USA med 1373 besøk og 863 unike gjester, mens Norge som nr. 2 har 406 besøk og 255 unike gjester. Desse tala er ikkje altfor imponerande, men vi har i alle høve hatt meir enn ett “norsk” besøk pr dag i gjennomsnitt.
Statistikken omfattar og varigheit pr. besøk. Gjennomsnittleg varigheit pr. besøk er 161 sekund. Nokre få har gjeve seg god tid. 0,5 % av besøka var på meir enn 1 time.
Vi minnar igjen om årsmøtet
Møt fram på klubbhuset fredag 13. februar. Sjå og Bø Blad torsdag 12. februar.
Januar 2009
Årsmøtet
Dato for årsmøtet er fastsett til fredag 13. februar. Saker som ein vil ha handsama på årsmøtet må vera styret i hende seinast 15. januar.
Nye inntektsmulegheitar for lag og foreningar
Som ein kompensasjon for bortfallet av automatinntektar, vil det bli høve for kvar einskild spelar i pengespela som administrerast av Norsk Tipping, til å gje ein andel på inntil 5% av innsatsbeløpet til ein lokal organisasjon. Dette kan tyda auka inntektar til Bø Fiskelag dersom det vinner oppslutnad. Meir om dette på årsmøtet.