Fiskekort kjøpes hos Brukås Sport i Bø, eller på nett hos Inatur.
Medlemskap i Bø Fiskelag gjelder også som fiskekort.

Priser
Lifjell:  Døgn: kr. 40.  Veke: kr. 100.   År: kr. 250.
Kjøp fiskekort for Lifjell på Inatur her.

Bøelva:  Døgn: kr. 20.   3 døgn: kr. 25.   Veke: kr. 30.   År: kr. 100.
Kjøp fiskekort for Bøelva på Inatur her.

 Som medlem kan ein fiske fritt med handreidskap (Oter berre i Holmen) frå land i alle vatn og tjønnar som laget disponerar, og i delar av Bøelva.

Den same retten har ein i følgjande vatn som disponerast av Porsgrunn Jeger- og Fiskeforening: HollanvatnetOrmetjønnane, Mjeltetjønn, Skardtjønn og Svarttjønn. Desse vatna ligg like nord for vatna våre. (Sjå Porsgrunn JFF si nettside: https://www.njff.no/fylkeslag/telemark/lokallag/porsgrunn/sider/Fiske.aspx)

Vil du bli medlem så ta kontakt med nokon i styret (sjå Styre og utvalg), eller send oss en e-post med adressa bo.fiskelag@gmail.com. Du må og gjerne stikka innom lagshuset vårt på eit av dei faste torsdagstreffa som tar til kl. 1900.

Dei som ikkje er medlemer kan kjøpa fiskekort og får då dei dei same rettane i Bø Fiskelag sine vatn, men ikkje i vatna til Porsgrunn Jeger- og Fiskeforening.
 
Det kan ikkje kjøpast fiskekort til Tveittjønna, då den er reservera for medlemmer.
Personar på 18 år og over må betala fiskeavgift til Staten dersom dei skal fiska i vassdrag der det er laks og sjøaure (Bøelva).
Laks og sjøaure kan berre fiskast i perioden 1. juni til 30. september. Det kan fiskast max. 2 fisk pr. døgn. Laks og sjøaure som fiskast elles i året skal straks settast ut igjen.
Du forpliktar deg til å senda fangstrapport, og dersom du kjøper kort på INATUR, skal du og rapportera på nettsida til INATUR.
Lukk meny