Oktober 2015
Fangstrapportering.
Vi har ikkje fått inn ein einaste rapport for sesongen 2015 frå dei som skal rapportera på heimesida, det vil seia medlemmane og dei som kjøper fiskekort “manuelt”. Dette er vi i styret svært skuffa over, for ei god fangstrapportering vil vera ei god hjelp i kultiveringsarbeidet vårt.
Når det gjeld vassdrag som har anadrome artar, slik som Bøelva, er rapportering til og med lovpålagt. For Bøelva vil det gjelde laks og sjøaure.
Før neste sesong må vi difor, i samarbeid med Telemarksvassdragets Fiskeadministrasjon, få til eit betre opplegg for rapportering, og handheving av plikta til rapportering.
For årets sesong ber vi om at alle som ikkje har rapportera lettar samvetet sitt ved å granska hukommelsen sin og tasta ned dataene etter beste evne. Ta og med dei turane då det ikkje blei fangst.
(25.10.2015)
Desinfeksjonsstasjonar.
For å hindra spreiing av fiskesjukdomar mellom vassdrag er det viktig å desinfisera alt utstyr før ein fiskar i eit nytt vassdrag. Rundt omkring i landet er det etablert desinfeksjonsstasjonar i regi av grunneigar-
og fiskeinteresseorganisasjonar. Desse skal godkjennast av Mattilsynet.
I vårt område er det etablert ein slik stasjon ved båthavna på Akkerhaugen. Nedanfor finn du ei orientering om dette saksa frå nettsida til Landbrukets hus:
Desinfiseringsstasjon for fiske- og båtutstyr m.m ved Akkerhaugen brygge.
Ved Akkerhaugen brygge er det satt opp en desinfiseringsstasjon for fiske- og båtutstyr m.m. En slik desinfiseringsstasjon er for å forhindre spredning av parasitter og sykdommer på fisk mellom vassdrag. Det arbeides med å få satt opp flere slike stasjoner langs vassdraget.
Det er spesielt viktig å forebygge spredning av lakseparasitten Gyrodactylus salaris som er en dødelig parasitt på laks. Ved å desinfisere fiske- og båtutstyr m.m, som har blitt brukt i andre vassdrag, vil en bidra til å unngå spredning av parasitter og sykdommer.
For mer informasjon om desinfisering, se retningslinjer for desinfisering anbefalt av Mattilsynet.
————–
Det vil og bli etablert ein slik stasjon i området ved klekkeriet på Oterholt. Vi kjem nærare attende til dette før komande sesong.
(25.10.2015)
September 2015
Vi har settefisk for salg.
Vi har settefisk, både ein-somrig og to-somrig, for salg. Er du interessert så ta kontakt med Alf Hvitsand på telefon
950 57 396.
(18.09 2015)
Stor vassføring i Bøelva.
Inga naudsynt oppmoding akkurat no.
              
                          200 m3/ sek. ?                                            God fart på vatnet forbi klekkeriet
(17.09.2015).
August 2015
Gapahuken tar form.
Bildet nedanfor visar framdrifta på gapahuken pr. idag.
Det er forresten litt av ein gapahuk ungdomsgruppa får til rådvelde. Vi trur at ein skal reisa langt for å finna noko liknande. Det er eit solid byggverk, bygd av dyktige handverkarar som vi har i laget, og av materialar som langt på veg er sjølvprodusert.
(22.08.2015)
Juni 2015
Resultat frå 24 timar på Lifjell.
Deltakinga var ikkje overveldande, berre 11 personar hadde funne vegen til vatna våre på Lifjell, i eit ver som burde gje brukbart fiskebett. Grunnen til lav deltaking kan vera at det på laurdag var 30 årsjubileum for Bø Sommarland på Bø Torg. Dette freista kanskje meir enn å tilbringa sommarnatta i 1000 meters høgde.
Eit lyspunkt var det at den heilt unge garde var relativt godt representert.
Klasse under 16 år:
1. Anund Darrud:          6 fiskar, totalvekt 932 gram og 15,3 poeng.
2. Susanne Langkås:        4 fiskar, totalvekt 621 gram og 10,2 poeng.
Klasse damer over 16 år:
 
1. Eva Anne Hagen:        4 fiskar, totalvekt 552 gram og 9,5 poeng.
2: Elin Langkås:        2 fiskar, totalvekt 160        gram og 3,6 poeng.
Klasse herrer over 16 år:
1. Halvor Darrud:        8 fiskar, totalvekt 1361 gram og 21,6 poeng.
2. Henning Rønningsland:        1 fisk, vekt 878 gram og 9,8 poeng.
Premie for største fisk fekk Henning Rønningsland. Nedanfor ser du fisk og fiskar ved Langetjønn.
(28.06.2015)
Den årvisse 24 timars fiskekonkurransen på Lifjell
blir i år halden laurdag 27. til sundag 28. juni. Det kan fiskast frå laurdag kl. 14 til sundag kl. 14 i alle lagets sine vatn på Lifjell (sjå kart og oversikt under “Fiskemuligheter” her på nettsida).
Deltakaravgift er kr. 50 for medlemmer og kr. 100 for ikkje- medlemmer.
Det fiskast i tre klasser, til og med 16 år, over 16 år og dameklasse.
Påmelding på klubbhuset på Oterholt laurdag kl. 9- 11 eller over telefon/sms 900 26 902, Atle.
Innveging av sløya fisk i klubbhuset sundag 28. juni kl. 17.
PREMIAR FRÅ G- SPORT OG BRUKÅS SPORT.
(18 juni 2015).
Mai 2015
               
Markering av Friluftslivets år.
Vi hadde stand på Bø Torg under torgdagen idag for å markera at vi er inne i Friluftslivets år. Vi fekk informera om ein god del av det vi driv med. Ovanfor ser ein fluegruppa i aksjon, og tipping av antal fisk som er i den surstoff- fylte posen som er tatt med frå klekkeriet. Det sistnemnde var svært populært, og deltakarlista blei lang etter kvart. Det vanka fine premiar, og vi vonar å kunne koma med premielista om ikkje så lenge.
Elles viste vi utstyr som blir bruka i ungdomsarbeidet som vi driv, slik som lavvo og kano, og på bålpanna, som var fyra med bjørkeved, kunne den som var svolten grilla seg ei pølse eller tre.
(2.05.2015)
April 2015
Nye kart.
Vi har fått to nye, interaktive kart på heimesida vår (sjå sida “Fiskemuligheter”). Det eina omfattar områda våre på Lifjell, og det andre omfattar Bøelva. Karta er utvikla i samband med prosjektet “På tur i Midt-Telemark”. Kartet for Lifjell erstattar dei gamle karta på sida, og ved å klikka på symboler på desse nye karta kan ein få opp informasjon om fiske, attraksjonar av ymse slag og turløyper. Ein kan og skaffa seg oversyn over tilkomsttilhøve og parkering.
Det er og lenker til nettsida vår og nettstaden INATUR, der ein kan få meir detaljera informasjon i form av tekst og bilder.
Informasjonen på karta kan hentast ut på PC, nettbrett og smarttelefon.
(22.04.2015)
Februar 2015
Årsmøtet
blei halde fredag 20. februar. Frammøtet var 16 personar, det vil seia omlag som det plar vera.
Årsmelding og rekneskap for 2014 og budsjett for 2015 blei referert og godkjent utan vesentlege merknader. Dei i styret som var på valg blei attvalt, men det kan i prinsippet bli interne rokkeringar når styret konstituerar seg på neste møte.
Under posten “Ordet fritt” blei det drøfta laust og fast, serleg om status for fisken på Lifjell.
Serveringa, som Bjørnar Nygaard var primus motor for, bestod av koldtbord med tilbehør, mellom anna laks frå Bøelva og aure frå Bjørnesfjorden på Hardangervidda. Alt var som vanleg av beste kvalitet.
(23.02.2015).
Januar 2015
Folkemøtet.
Det var stort oppmøte på folkemøtet i går om kraftutbygging i Bøelva. Vi fikk gjeve klart uttrykk for den bekymringa vi har for at fisk og ferskvassorganismar skal bli skadelidande dersom planane blir realiserte.
Minstevassføringa var i fokus, og vi oppmoda så sterkt vi kunne om at det blir iverksett oppfølgjande undersøkingar for å finna ut meir om verknaden. Vi fekk inntrykk av at NVE var lydhør for det vi hadde å seia, men dei kunne sjølvsagt ikkje lova noko før alle merknadene er handsama. Då kan dei koma med eventuelle pålegg ovafor utbyggaren. I ytterste konsekvens kan konsesjon bli nekta.
Fristen for merknader er 6. februar, så no er det om å gjera å få argumenta og krava våre ned på papiret.
(16.01.2015)
Folkemøte om utbygging av Bøelva. 
NVE arrangerar folkemøte om planane for Nye Oterholtfoss kraftverk på Bø hotell torsdag 15. januar kl 1900. På møtet vil NVE orientera om sakshandsaminga, og søkjar (Midt- Telemark Energi AS) vil gjera greie for konsekvensane av ei eventuell utbygging. Det vil bli høve til å stilla spørsmål og å kome med meiningane sine. Møt fram !
(12.01.2015)
Årsmøtet.
Årsmøtet er beramma til fredag 20. februar. Har du saker du vil ha handsama på årsmøtet, så kontakt nokon i styret, helst innan 15. januar.
(4.01.2015)