Jøronnattjønna er kanskje den mest særprega av dei vatna laget disponerar, der ho ligg  i ei grop i terrenget på 1052 m høgde, heilt oppunder Jøronnatten. Arealet er 41 da. Ho er djup, noko som terrenget indikerar. Det er lodda opp til 17 m.
Den er det einaste av vatna der ein med full rett kan seia at røye og aure kamperar saman.
Tidleg på 1900 – talet blei det sett ut røye, og tjønna fekk ein bestand av røye, saman med noko aure, sjå bildet frå 1951.
Då laget starta si verksemd  i 1977 bar tjønna preg av å vera fisketom, men nokre meiner at det har vore fisk i tjønna samanhengande frå den fyrste utsettinga.
Det fyrste laget gjorde i 1977 var å sette ut 270 stk. canadisk bekkerøye, ein fisk som andre stader hadde synt seg å vera meire motstandsdyktig mot forsuring enn aure og vanlig røye. Ein ulempe med denne fisken er at han har problem med å halde seg i ro. Han forsvann då og frå tjønna etter ei tid, og han hadde truleg tatt vegen nedover vassdraget.
I 1980 blei det kalka i tjønna for fyrste gong, og det blei sett ut 1000 settefisk av aure frå eige klekkeri.
Seinare har det nestan årvisst fram til 2000 vore sett ut eit mindre antal aure. I 1985 blei det og sett ut 200 stk. vanleg røye.
I dag har tjønna ein bestand av småfallen røye som kan gje ein morosame opplevingar når ein fiskar på den med fluge.
Det er heller ikkje umogeleg å få aure av brukbar storleik og kvalitet. Kanskje kan ein og slumpe til å få rektig stor aure som har gjort seg feit på smårøye.