Reglar for bruk av fiskelagshytta

 Bruksrett
  • Pga. misbruk har styret vedtatt at hytta skal vera låst. Hytta kan difor berre brukast av aktive medlemmer som har avtala dette med hyttekoordinator.
  • Hytta skal brukast i samband med kultivering, fiske, turar og ungdomsarbeid. Den skal ikkje brukast i samband med jakt.
  • I tidsromet 1. til 21. september har Røksbu sameige (sankelaget) førsterett til bruk av hytta, i samband med innsamling av sau.
  • Alle henvendelsar om bruk av hytta skjer til hyttekoordinator, telefon 93482874 eller 97515806.
    Bruksreglar
  • Hald orden ute og inne under heile opphaldet.
  • Bruk sunt vett når det gjeld bruk av propan, ved og straum. Lys i rom som ikkje er i bruk skal slåast av.
  • Ikkje la ting ligge igjen etter deg. Unnateke fra dette er tørrmat og hermetikk i uopna emballasje som leggast i slagbenk som naudproviant. Medlemer som aktivt jobbar med kultivering og vedlikehald kan etterlata personleg utstyr (sovepose) på anvist stad, etter avtale. Utstyret merkast med namn.
  • Hundar er ikkje tillatne på soveroma.
  • Dersom du ikkje sjølv kan ordna opp i defektar og manglar, så gje melding om dette. Ein kan t.d. legga ein lapp i postkassa på lagshuset.
  • Skriv i hyttaboka.
    Etter bruk
  • Etter bruk skal hytta vera rydda og reingjort. Skitna klutar o.l. takast med for vasking.
  • Ta med alt søppel heim. Søppel skal ikkje leggast i omnen.
  • Gass og straum skal slåast av i boden når hytta forlatast. Hugs også å henge tilbake nøklar.
  • Det skal alltid ligge ved og fyrstikker i hytta.
Bø Fiskelag ønsker alle en god tur, med eller utan fiskestong.
Vis naturvett !