Desember 2012
Vi ønsker medlemmene våre og alle andre lesarar av heimesida ei god jul og eit godt nytt år.
November 2012
Fiskekort på nettet
Vi arbeider med eit opplegg for å kunne kjøpa fiskekort på nettet. Dersom du tastar på “Kjøp fiskekort” i menyen til venstre vil du førebels ikkje få opp noka side.
(18.11.2012)
Fotokonkurransen
Det kom diverre ikkje inn nokre bilde innan fristen 1. november, så vi må gjera eit nytt forsøk ein gong seinare.
(9.11.2012)
  Bøelva
Bø kommunestyre har godkjent at Midt-Telemark Energi AS på vegne av kommunen utarbeider melding til NVE om utbygging av Bøfossane, med ulike alternativ. Dersom dette blir positivt motteke i NVE kjem saka attende til kommunestyret for endelig valg av utbyggingsalternativ. Eit mogeleg neste steg vil vera konsekvensutredning og konsesjonssøknad.
Konsesjonssøknad for Herrefoss er under utarbeiding.
Formannen i elveutvalget, Jostein, har vore i møte med ordførar og varaordførar, og dei er interesserte i at Bø Fiskelag spelar på lag med kommunen for å sikre at det blir teke omsyn til miljøet ved eventuell utbygging. Det er sjølvsagt fisket som opptek oss mest, og minstevassføringar er eit hovudpunkt i denne samanhengen.
Vi har og kontakt med grunneigarane.
(9.11.2012)
Meir om stamfiske
Stamfisket er over for i år.  Ein tur til i Landsmarka, og ein tur på Lifjell har gjeve så pass til fangst at vi til saman har lagt ca. 0,75 liter i klekkekara. Vi har ein del settefisk frå tidlegare, slik at vi vil ha ein god del for salg til neste år.
(9.11.2012)
Oktober 2012
  Tid for stamfiske
             
Bilda er frå stamfisket som blei utført av Lunde /Landsmarka JFF og Bø fiskelag ved Ugge og Sanna i  Landsmarka i helga. Det var lite fisk i hovudvassdraget, men ein sidebekk stod full av fisk. Rognfangsten blei likevel beskjeden, ca. 3 dl.
Vi kjem attende med meir stamfiskenytt, både frå Lifjell og Landsmarka.
(14.10.2012)
August 2012
  24 timar på Lifjell og meitekonkurranse i Bøelva
Resultatet frå desse konkurransane kan du lesa på sida “Frå styret og utvalga”.
(31.12.2012)
  24 timers fiskekonkurranse i vatna våre på Lifjell
Vi prøvar oss på nytt etter at konkurransen i juni måtte avlysast.
Fisket foregår frå lørdag 18. august kl. 1400 til søndag 19. august kl. 1400.
Påmelding på lagshuset på Oterholt lørdag 18. august frå kl. 0900 til kl. 1100, eller på telefon 911 54 543. Innveging på lagshuset søndag 19. august kl. 1700.
Konkurransen er open for alle. Pris: Medlem kr. 50, ikkje medlem kr. 100. Barn/ungdom under 16 år gratis.
Velkommen !
(10.08.2012)
Juni 2012
Dårlig deltaking
Både kanoturen i Landsmarka og 24 timers fiskekonkurranse blei avlyst på grunn av dårleg deltaking.
Vi prøver på nytt med fiskekonkurransen helga 18. – 19. august. Vi kjem attende til dette.
(24.06.2012)
  Fotokonkurranse
Bø Fiskelag lyser ut ein konkurranse om det beste bildet tatt i 2012. Du treng ikkje å vera medlem for å delta, men bilda må ha motiv frå laget si verksemd, eller ha fiske- eller naturmotiv frå eit område der laget disponerar fisket.
Det kan vera både sommar- og vintermotiv. Bilda må ikkje ha deltatt i nokon konkurranse tidligare.
Kvar deltakar kan levera inn maks. 3 bilde. Bilda må ha god oppløsning, slik at dei kan forstørrast opp til minimum A4 med god kvalitet.
Det konkurrerast i to klassar, under 16 år og 16 år og oppover. I kvar klasse delast det ut to premiar, 1. og 2. premie, i form av gavekort av samme storleiksordning som det som er vanleg ved fiskekonkurransar. Dessutan blir dei premierte bilda vist på nettsida og hengt opp på klubbhuset med navn på fotografane.
Innleveringsfrist: 1. november 2012.
Styret vil fungera som jury.
Bilda sendast oss som vedlegg til e-post (sjå nettsida), men dersom vi på grunnlag av dette finn nokre bilde kvalifiserte til premiering, vil vi be om å få dei tilsendt på eit eksternt lagringsmedium, f.eks. CD/DVD.
(11.06.2012)
Informasjon til medlemmene
Denne gongen kjem den årlege informasjonen til medlemmene her på heimesida, og ikkje pr. post til kvar enkelt. Grunnen er at postutsendinga er svært arbeidskrevjande, og vi har mykje på gang for tida. Dessutan trur vi at fleirtalet av medlemmene er “på nett”.
Informasjonen er og litt meir kortfatta enn vanleg avdi vi kan visa til grundigare informasjon direkte her på heimesida.
Årsmøtet, valg av styre
Årsmøtet blei halde fredag 24. februar, med mellom anna valg av styre, revisorar, valgnemnd og utvalgsformenn. Alle som var på valg i styre, valgnemnd og revisorar blei gjenvalgt.
Styret blei konstituert i første styremøte. Det blei ikkje noka endring på det einskilde verva i styret.
Bemanninga i styre, revisjon, valgnemnd og utvalg finn du på sida Styre og utvalg.
Ungdomsarbeid
I fjorårets informasjon skreiv vi om korleis ungdomsarbeidet i laget er organisert. Nytt av året er al vi har kjøp inn 8 kanoar til bruk på turar og under aktivitetar i samband med elv og vatn. Ein av dei første aktivitetane der kanoane vil vera i bruk er ein “safari” i Landsmarka 8. – 10. juli. Vi visar til eiga kunngjering om denne nedanfor.
Hytta på Holmen
Styret har diverre vore nøydd til å skjerpa inn reglane for bruk av hytta, slik at det no er berre aktive medlemmer som kan bruka hytta. Det er oppmemnt eit to manns hytteutvalg som mellom anna skal vera koordinatorar når det gjeld å tildela nøkkelkode til dei som vil bruka hytta. Sjå sidene Hyttereglar og Styre og utvalg.
Uthuset
Sjå fjorårets informasjon når det gjeld oppstarten av bygginga. Framdrifta har ikkje vore rektig så stor som vi rekna med då, men det går jamt framover med dugnadsfolk på plass dei fleste torsdagskveldane og laurdagane, og no gjenstår berre noko av innreiinga, elinstallasjon og andre strøket av beisinga.
Utsetting av lakseyngel
19. mai blei 70 000 lakseyngel sett ut på forskjellige stader i Bøelva ovanfor Oterholtfossen. Yngelen var levera frå klekkeriet til Grenland Sportsfiskere for Statskraft si rekning, og som vanleg var det medlemmer frå Bø Fiskelag som gjorde utsettinga i Bøelva på dugnad.
Vi visar til fjorårets informasjon når det gjeld laget si rolle i forvaltninga av Bøelva.
Sesongen 2011 blei det tatt ganske mykje laks i Bøelva, noko som blant anna kan tilskrivast høg vassføring.
På tur i Midt- Telemark
Vi er med på utvikling av eit nettbasert informasjonssystem – ein møteplass på nettet – saman med lag og institusjonar i Midt-Telemark som har aktivitetar innanfor natur, kultur og friluftsliv. Bø Turlag har tatt initiativ til, og leiar prosjektet.
Systemet er under utvikling. 
Fiskesesongen står for døra!
Ja, i låg landet er han alt igang. Oversikt over fiskevatn etc. finn du på sida Fiskemulegheitar.
NB Noter deg fiskekonkurransen på Lifjell går av stabelen 16.-17. juni.
Sjå eiga kunngjering nedanfor.
God sommar og skitt fiske!
Styret.
Mai 2012
Kanoane til ungdomsgruppa er på plass
Det blir prøvetur frå Herrefoss til Hengebrua onsdag 23. mai kl. 1800. Påmelding (SMS) til Jostein, telefon 47321954.
(18.05.2012)
Fotogalleri
Vi har fornya det vi tidlegare kalla fotoalbum og kalla det fotogalleri. “Fotoalbum” er vel eit litt for gamaldags uttrykk i vår digitale tidsalder. Vi har inkludert ein del nyare bilde, og har du nokre nye blinkskot er vi interesserte. Betale kan vi ikkje, men det vankar ære og berømmelse.
(4.05.2012)
April 2012
  “Opplev Bø” er blitt “På tur i Midt-Telemark”
Frå “Lenkar” i menyen til venstre kan du få informasjon om det nettbaserte informasjonssystemet som blei kalla “Opplev Bø”.
Sist torsdag var det eit informasjonmøte der representantar for alle deltakande lag og foreningar var inviterte.
Interessa var stor, også utanom Bø sine grenser, så det blei bestemt at prosjektet skal skifta namn til
“På tur i Midt-Telemark”.
Bø Turlag er initiativtakar, og nedanfor ser du deira beskrivning av prosjektet, og logoen som skal brukast.
Vi jobbar for tida med ein felles møtestad på Internett for alle lag og organisasjonar med ativitetar i turområda våre og som dekker området Gvarv, Bø og Lifjell. På Google Earth kan du nå sjå informasjon frå Bø Fiskelag, Bø løypelag, Bø O-lag, Bø Museum, Bø Turlag, Fylkesmannen i Telemark, Gvarv Turlag, Klatregruppa i Bø, Lifjell Løypelag, Midt-Telemark kajakklubb, (Notodden Turlag), Sykkelgruppa i Skarpkhedin og Øvre Bø brulag.
(22.04.2012)
Uthuset
Her ser du uthuset slik det såg ut 1. april. Det har ikkje vore utført særleg mykje dugnadsarbeid etter jul, men no er det tid for å få gjort det resterande, så som vindauge, dør, portar, kledning, isolasjon, himling, panel etc.
(6.04.2012)
Mars 2012
Transport til Holmen
I helga blei det køyrd opp ved og gass til Holmenhytta. Det er lite snø i fjellet no, så transporten måtte gå med scooter.
Det lille krypinnet vi har ved Småhomen, som du ser bilde av ovanfor, fekk og tre sekkar ved.
Vi minnar om at veden skal brukast i omnen på Småholmen og ikkje brukast til bål utandørs.
(12.03.2012)
Februar 2012
Årsmøtet
blei halde fredag 24. februar.
Frammøtet var heller dårleg. 17 personar hadde funne vegen til lagshuset, mot 24 førre år.
Sakene gjekk greit unna. Årsmelding, regnskap og forslag til budsjett for 2012 blei referert og godkjent utan vesentlege merknader.
Alle som var på valg i styret og valgnemnda blei gjenvalgt. Det same gjaldt utvalgsformennene, unnateke formannen i ungdomsutvalget, som hadde fråsagt seg gjenvalg.
Under posten «Ordet fritt» gjekk praten livleg, serleg om forvaltninga av Bøelva.
Utfyllande referat vil koma.
(25.02.2012)
Opplev Bø
På sida “Lenkar” er det no laga ein lenke til informasjonssystemet “Opplev Bø”, der eine kan følgja med i utviklinga av den delen av systemet som gjeld områda våre på Lifjell.
Der kan ein og lasta ned kartsystemet “Google Earth”, som ein må ha på datamaskinen sin for å kunne nytte seg av “Opplev Bø”.
(13.02.2012)
Januar 2012
  Årsmøtet
Årsmøtet er beramma til fredag 24. februar kl. 1900. Saker som ein ynskjer handsama må vera styret i hende snarast (Frist ifølgje lovane er 15. januar, men det er ikkje lenge til, så vi ser litt stort på det denne gongen).
(13. januar 2012)