Bø-elva er lakseførande opp til Oterholtfossen.
Årleg fangstvolum er ikkje stort, og det meste er smålaks. Det er arbeid på gang for å auka lakseoppgangen i heile Telemarksvassdraget, og då vil det og koma Bø-elva til gode.
HUGS DESINFISERING AV UTSTYR FOR Å HINDRE SPREIING AV LAKSELUS! (Les om desinfisering av utstyr her)

Aurebestanden er bra i den øvre delen av elva, frå Herrefoss og oppover til utløpet frå Seljordsvatnet. Her kan ein og få stor fisk. På denne strekninga er det gytegrunn for den nedstraumsgytande storauren i Seljordsvatnet.
På den nedste nedste strekninga, frå Hørteelvas utløp til Norsjø, kan ein få laks og ein og annan aure av bra storleik, men aurebestanden har minka, uvisst av kva for grunn.På den midtre strekninga er auren småfallen og parasittbefengt.