Holmen er det største av vatna laget disponerar, med ei flate på 284 da. På kartet ser ein at vatnet er delt i to delar med ulik høgde 989 og 990 m.o.h. Mellom dei to delane er det ein liten elvestubb.
Den som kjem opp Valjuvet vil legge merke til delar av ein steinmur ved utoset. Det er restane av ein fløtningsdam som blei brukt til å demme opp Holmen for å få vatn til fløtning nedover Lislestulåa, og vidare nedover Juvsåa. Jørund Lie, som var ein av dei som kjente Lifjell si historie best, sa at dammen blei bygd tidleg i 1890-åra, og at fløtinga gjekk føre seg fram til omkring 1920. Landkara blei mura opp av stein som fanst på staden, og tømmer til trekonstruksjon og damluker blei hogd i Røksbu Sameige. Tømmervirket blei køyrd med hestar over Røksbu (Jordfellet) fram til Holmen.
Då laget starta si verksemd i Holmen hadde vatnet vore fisketomt lenge. Jørund Lie fortalde at faren hans, Halvor H. Lie, sette ut yngel der i 1939. Yngelen blei skaffa av h.r.adv. Eivind Eckbo på Borgja, som hadde byrja tiltak for å få opp fiskebestanden i vatna som ligg på sørsida av Lifjell, i Bø og Seljord.
Halvor H. Lie sette også ut noko yngel i Lislestulåa – elva frå Holmen til der den møter Oksleåa. Utsettet blei gjort nedanfor der bekken frå Klokkesteintjønna renn ut i Lislestulåa.
Fisken i sjølve vatnet døydde etter kvart ut, mens han klara seg i Lislestulåa, og her blei det fin fisk, opp til halvkiloen. Kva som er grunnen til dette er vanskeleg å seia. Forsuringa hadde jo ikkje kome så langt på den tida, men det er mogeleg at fjellgrunnen i vatnet er meir ugunstig enn elles på Lifjell.
I 1963 blei det igjen gjort forsøk på utsetting i Holmen, denne gongen av Li Grunneigarlag, men heller ikkje denne gongen lukkast det.
1986 blei det for fyrste gong kalka i Holmen, og ein starta det som etter kvart skulle gjera Holmen til eit senter for laget si verksemd. Mellom anna fekk ein ei mindre hytte i gåve frå Brukås Sport. Den blei flytta til Holmen og sett opp der. Den var ferdig i 1988.
I 1996 blei det for fyrste gong utført stamfiske i Holmen. Det blei samla 7 dl. rogn, og ein kunne tala om ein stadeigen Lifjell – stamme.
Holmen er eit næringsfattig vatn med gode gytetilhøve, og i 1999 kunne ein sjå tendensar til overbefolkning. Idag er det sers lett å få fisk, men han er småfallen, og det langt mellom ruggane. Kvaliteten elles er det ikkje noko å seia på. Det er berre aure i vatnet. I vatna i nærleiken er det gode sjansar for større fisk.
I 2006 var laget si nye hytte ferdig, og Holmen – området blei enno meir attraktivt for medlemene og andre grupper av friluftsinteresserte.