Nedanfor finn du ein kortfatta oversikt over dei viktigaste hendingane, frå den spede starten i 1976, då 12 personar kom saman på Bø hotell og blei einige om å skipa eit fiskelag, til dagens lag med over 400 medlemer og ei omfattande verksemd til beste for innlandsfisket her i bygda.

 
1976
Laget blei skipa 28. juni 1976, og det konstituerande møtet fann stad på Bø hotell 18 august same år. Då blei styre valgt, og det blei sett ned eit utval til å koma med framlegg til lovar. Styret sine næraste arbeidsoppgåver blei fastsette. Det var mellom anna finansiering av klekkeri, leige av hus for klekkeri og leige av fiskevatn på Lifjell.
Året 1976 gjekk med til etablering og drift av førebels klekkeri. Etter å ha vurdera fleire alternativ enda det opp med at ein fekk låne lokale på det nedlagde Bø Meieri.  Det blei samla inn 2 liter rogn som blei lagt inn for klekking.
 
Elles blei det laga framlegg til lovar for laget, og det blei arbeidd med finansiering, m. a. ved å søke om tilskot frå ymse instansar.
 
1977
Utover vinteren synte det seg at naturen gjekk sin gang i klekkeriet på meieriet, og stadig fleire småfiskar med eigen nistepakke var å sjå. Laget måtte likevel arbeide vidare med permanent klekkeri, og etter å ha vurdera fleire alternativ, der vasskvaliteten var eit viktig kriterium, valgte ein Oterholtfossen med vassinntak i Tiubekk.
Tidlig på våren var planar og kostnadsoverslag klare, og byggekomite blei valgt.
 
Utover sommaren blei det sett ut yngel i tjønnar på Lifjell og på Uvdalsheia. I Jøronnatt-tjønna på Lifjell blei det sett ut innkjøpt canadisk bekkerøye. Ein del av auren som blei sett ut var og innkjøpt.
 
Bygging av klekkeri kom godt igang i løpet av året. Lovar for laget blei godkjende på årsmøtet 11. februar.
 
1978
Ferdigstilling av permanent klekkeri ved Oterholtfossen var den viktigaste einskildhendinga det året, og om hausten utførte ein stamfiske i Kilenåa, Vallaråa, Bøelva og Norsjø og la for fyrste gong rogn til klekking i eige klekkeri.
 
Eit viktig tiltak var og at ein fekk sikra seg vassrett i Tiubekk ved avtale med grunneigarane. Det blei kjøpt inn 10 tonn kalk, men ikkje utført kalking det året. Kalken blei lagra til seinare bruk, og det blei innleia samarbeid med Telemark distriktshøgskule om oppfølgjing av kalking og vasskvalitet.
 
1979
Dette var eit år utan store einskildhendingar, og der verksemda i stor mon dreide seg om å optimalisera drifta av klekkeriet. Det blei oppnemnt arbeidsgjengar til å ta seg av drifta, ei veke om gongen, og det blei utført stamfiske i Bygdaråa og Vallaråa.
Vidare blei det gjort førebuingar til kalking på Lifjell, som var planlagt til vinteren 1980.
 
1980
Første uttransport av kalk til Lifjell gjekk føre seg dette året. I april blei 8 tonn frakta med weasel til Klokkesteintjønna. I løpet av sommaren blei kalken spreidd i innløpsbekkane og i selve tjønna.
Nye 8 tonn blei innkjøpt frå Norsk Hydro og pakka i sekkar, klar for uttransport vinteren 1981.
Det blei for fyrste gong sett ut yngel som var produsert i eige klekkeri. Det skjedde i Klokkesteintjønna og ein del andre tjønnar rundt om i bygda. I Klokkesteintjønna blei det og sett ut nokre villfisk, som såg ut til å finna seg vel til rette.
 
Stamfisket dette året blei ikkje heilt vellukka, då grunneigarane sa nei på to av dei stadene der ein hadde hatt fine resultat tidlegare. På ein av stadene (vi nemner ikkje namn) blei fiskegjengen til og med fysisk hindra, sjølv om alle formalitetar var i orden.
Likevel fekk ein samla inn ca. 2 liter rogn frå Bøelva og Kilen.
 
1981
Dette året brukte ein helikopter til uttransport av kalk, på grunn av dårlege føretilhøve. Kalken blei frakta til Klokkesteintjønna, Jørånnatt-tjønna og Repetjønnene.
Stamfisket gav, i motsetnad til året før, eit godt resultat. Heile 7 liter blei henta frå Valebø, Bøelva og Kilen.
 
Som eit døme på dei publikumsretta aktivitetane til laget kan nemnast isfiskekonkurransen som blei halden dette året ved Sanden camping, med 70 deltakarar.
 
1982
Den viktigaste einskildhendinga dette året, som var alt anna enn positiv, var at 20-30000 yngel, av dei totalt 60000 rognkorna som blei lagt i klekkerennene hausten 1981, kreperte på ein gong. Grunnen var at både hovudtilførsla av vatn frå Tiubekk og tilleggstilførsla frå Bøelva stoppa samstundes.
Meire gledeleg var at ein dette året fekk prov på at kultiveringsarbeidet i Klokkesteintjønna byrja å gje resultat. I løpet av sommaren blei det teke fleire fiskar av fin størrelse og kvalitet.
Gledelig var det og at medlemstalet dette året auka monaleg, til 174, frå ca. 100 i 1981.
 
1983
Ein ny mislykka klekkesesong. Resultatet blei berre 2-3000 yngel, og grunnen var denne gongen ikkje stopp i vasstilførsla. Det kunne vera grunnar som hadde med vasstemperatur, foringsopplegg og slike ting å gjera. Omfattande tankeverksemd vart lagt for dagen for å finna botemidlar.
 
Dette året gjekk laget til innkjøp av weasel, finansiera med lån, til uttransport av kalk. Dette var og siste året kalkinga kunne gå føre seg med gratis kalk frå Hydro, då kalkleverandørane tok til å sjå på dette som eit nytt forretningsområde.
Det blei gjeve kalkingstilskot frå fylket, og tre foreningar fekk tilskot for Lifjell-området. Av desse fekk Bø Fiskelag 16500 kr.
 
Dette året hadde ein den fyrste formelle kontakten med Bøelva Grunneigarlag, med sikte  på tiltak for å betre kvaliteten på auren i Bøelva.
 
1984
Det var også dette året stor dødelighet i klekkeriet, og hausten 1984 fann ein det rett å sløyfe stamfiske, og heller nytte tida til vedlikehold i klekkeriet, og å planlegge neste års sesong med sikte på å minske dødeligheta.
Kalking og fiskepleie var dette året konsentrera om Klokkesteintjønna, Repetjønnene og Jørånnatt-tjønna.
Det blei tatt ein del fisk av fin størrelse i Klokkesteintjønna, og fisken i Repetjønnane såg og ut til å vera “fiskbar”.
 
Det blei gjort avtale med eigaren om leige av ei hytte med fiskerett ved Sundsbarm i Seljord. Denne kunne leigast av medlemene for ein billeg penge. Ved å la leigeretten vera avhengig av dugnadsinnsats vona ein å stimulere interessa mellom medlemene.
 
1985
Det foregjekk inga klekking i klekkeriet dette året, men det blei utført eit omfattande arbeid i form av opp-pussing og oppgradering, med m.a. nytt røropplegg og måling av veggar og tak. Dessutan blei det utført reparasjon av vasstilførsla og anna utvendig arbeid.
Det blei for fyrste gong utført prøvefiske med garn i Klokkesteintjønna. Resultatet viste fisk av fin størrelse og kvalitet.
 
1986
Hausten 1986 markera eit vendepunkt for laget og Lifjell-området når det gjelder kalking. Både uttransport og spreiing av kalken blei utført med helikopter, og det blei utført ei meir omfattande kalking enn nokon gong før.
Holmen, Småholmen, Jørånnatt-tjønna, Repetjønnane og Klokkesteintjønna blei kalka med tilsaman 80000 kg.
I regi av Miljøvernavdelinga i fylket blei det starta arbeid med ein samla plan for kalking av vatn på heile Lifjell.
 
Laget fekk ei hytte i gåve frå Brukås Sport. Etter litt ombygging og innreiing blei hytta flytta til Holmen på Lifjell. Føresetnaden for å få lov til å setja hytta opp der var at parthavarane i Røksbu Sameige skulle kunne nytta hytta ved behov.
 
1987
Laget inngjekk avtale med Landsmarka JFF om stamfiske i deira vatn. Dette skulle visa seg å bli starten på eit langt og fruktbart samarbeid, både i bokstavelig og overført meining.
 
På grunn av dårleg ver foregjekk utsetting av fisk på Lifjell med helikopter.
 
Leigeavtala for hytta ved Sundsbarm blei sagt opp etter at ein etter avtale med eigarane om framleige hadde freista marknadsføring i utlandet, med  heller labert resultat.
 
1988
Ein hadde på nytt kontakt med Bøelva Grunneigarlag, denne gongen i form av eit breitt anlagt møte, der og Fiskerikonsulenten var til stades.
Hovudtema var laksen i Bøelva. Laget hadde i ei årrekke utført utsetting av lakseyngel for Telemark Laksestyre, utan at ein kunne vera sikker på at elva nokon gong ville bli skikkelig lakseførande.
Effektiviteten av laksetrappene i Grenland er usikker, og Oterholtfossen utan trapp er ei barriere som hindrar laksen i å koma til store gytestrekningar.
Fiskerikonsulenten lova å ta initiativ til skisse og kostnadsoverslag for trapp i Oterholtfossen, og det var synfaring ved fossen.
 
Elles vart det drøfta korleis grunneigarane kunne samarbeida, og korleis Bø Fiskelag kunne bidraga i utvikling og drift av Bøelva som lakseelv.
 
Drifta av fiskedammen gjekk dårleg økonomisk, m.a. på grunn av at Bø kommune kravde vassavgift, og laget søkte om fritak.
 
Fiskebua ved Holmen (sjå 1986) var no såpass ferdig at ho kunne takast i bruk.
 
1989
Laget sitt område på Lifjell blei monaleg utvida dette året, då det blei inngått avtale med
grunneigarane om Skåråfjellområdet, det vil seia Skåråfjellholmen, Sauetjønn, Snotjønn og Sleivtjønn.
Dessutan blei avtale om Bøelva underskriven med Bøelva Grunneigarlag og Sauherad Grunneigarlag.
 
Når det gjaldt kalkinga opplevde laget eit skuffande tilbakeslag. Fleire vatn blei tatt ut av det sams kalkingsprosjektet, då ein meinte at det var unødvendig å kalke. Det gjaldt m.a. Holmen som hadde blitt kalka for to år og dermed ikkje skulle kalkast i 1990.
Laget syntes dette var urovekkande, og at dei lokale kreftene som starta det heile, blei tilsidesette.
 
Fiskedammen i Sommarland gjekk dette året, i motsetnad til det førre, svært godt økonomisk, takka vere ein omfattande dugnadsinnsats frå medlemene si side.
Ein anna gledeleg ting var at medlemstalet i laget auka kraftig i 1989, frå 140 til 236.
 
I løpet av dette året tok dei fyrste tankane om eige lagshus form. M.a. kontakta ein kommunen om tomt og fekk tilbud om eit areale på Grivimoen industriområde, men takka nei.
 
1990
På denne tida blei dei gamle utbyggingsplanane for Bøfossane teke fram att, og laget deltok i synfaringar og møte og sa si meining, som var at følgjane av ei utbygging stort sett var negative, sett frå laget sin ståstad.
 
Fiskedammen i Sommarland heldt på å få ein brå stopp. Miljøvernavdelinga i fylket la ned forbod mot vidare drift på grunn av faren for spreiing av fiskesjukdomar til lakseførande vassdrag. Etter ein hektisk runde med telefonar og brev fekk ein dispensasjon for drift ut året.
Laget fekk låne den nedlagde Vreim skule til å bruka som lagshus, som ei mellombels løysing til permanent hus kunne byggast.
 
1991
Laget arrangera eit 21 timars grunnleggjande flugebindarkurs om vinteren, og eit flugekastarkurs om våren.
 
Kalkinga blei utført av Norcem, i likskap med året før, og vassprøvene viste at resultatet blei bra, men styret klaga over at kalkinga blei utført utan at dei blei orientera.
Norcem skylda på tidsnød.
Laget var i det heile noko misnøgd med kommunikasjonen med dei sentrale instansane for fiskeforvaltninga.
 
Fiskedammen i Sommarland gjekk vidare denne sesongen, til tross for at ein levde på dispensasjon berre ut sesongen 1990.
Miljøvernavdelinga kom på betre tankar og forlenga dispensasjonen, men nye problem oppsto seinare (sjå 1993).
 
Hytteboka i fiskebua ved Holmen viste at mange nytta ho.
 
Vreim skule blei teken i bruk som lagshus, etter ein del oppussing.
 
1992
Dette blei eit sers aktivt år for laget.
Klekkeriutvalet rapportera om eit bra år for stamfisket, som gjekk føre seg i Landsmarka, i likskap med mange tidlegare sesongar. Salet av fisk frå klekkeriet gjekk veldig bra, ja så bra at ein dekte utsettingsbehovet for heile Lifjell.
Utvalet såg føre seg at betring av vasstilførsla til klekkeriet var ei viktig oppgåve som ein måtte fullføra før neste sesong.
 
Elveutvalet rapportera om eit aktivt år. Ein hadde motteke midlar til fiskefremjande tiltak i Bøelva, og det blei utført eit omfattande arbeid med rydding av stiar og fiskeplassar langs øvre del av elva. Det blei og innkjøpt korallgrus til utlegging i gytebekkar langs elva.
 
Nytt av året var oppretting av eit ungdomsutval med føremål å aktivisera ungdom i alderen 14-16 år i m.a. stamfiske, klekkeridrift, flugebinding og fisketurar.
 
Kalkinga dette året blei utført av eit anna firma enn tidligare, og laget hadde denne gongen ikkje noko å utsetja på informasjon og opplegg for øvrig. Resultatet var bra, noko vassprøvene viste.
 
Planlegging av permanent lagshus kom så smått i gang. Laget meldte si interesse for kjøp av Bø og Sauherad Energi sitt lagerbygg ved Oterholt. Dette skulle bli byrjinga på ein liten “konflikt” mellom laget og Bø kommune, som etter laget si meining urettmessig favorisera Bø Bygdemuseum, som idag er eigar av bygget.
 
For fyrste gong arrangera laget ein 24 timars fiskekonkurranse. Den gjekk føre seg på Lifjell siste helga i juni.
 
1993
Arbeidet med planlegging av permanent lagshus gjekk vidare, og i april hadde ein møte med kommunen for å gjera greie for laget sitt behov for tomt, og ynskje om å få overta eit areal av kommunen sin eigedom ved Oterholt, der kommunen skulle utarbeide reguleringsplan.
Laget gav samstundes uttrykk for misnøye med korleis saka om “kraftverkslageret” hadde blitt handsama. Laget hadde bedt om å få kjøpe bygget til lagshus, men det blei stilla gratis til rådvelde for Bø Bygdemuseum.
Då reguleringsplanen var ferdig, viste det seg at det var teke lite omsyn til lagets behov, og tilhøvet til kommunen blei ikkje noko betre av dette.
 
Etter å ha levd “på nåde” fleire sesongar måtte ein gje opp, og 1993 blei siste sesongen for fiskedammen i Sommarland. Siste utspelet frå myndighetene var at ein ikkje lenger fekk lov til å bruke fisk frå oppdrettsanlegg i sjøen.
 
Vassprøvene frå Lifjell i mai viste alarmerande resultat, med pH så lågt som 4,69. Håpet var at prøvene var tatt så tideg at dei var påverka av store mengder smeltevatn.
Det viste seg å holde stikk, for etter kalkinga viste prøvene, som blei tatt om hausten, eit snitt på 6,55.
Eit nytt vatn, Langetjønn, blei tatt opp i kalkingsprogrammet.
 
Medlemstalet registrera ved årsskiftet var 392.
 
1994
Klekkinga av rogn som blei samla inn hausten 1993 blei mislukka. 90 % av yngelen kreperte avdi tilleggsvasstilførsla stoppa opp. Utan vidare hadde dammen ved utløpet av Seljordsvatnet blitt stengt.
 
Frå eksperthald hadde det kome dystre spådomar om sers ugunstige tilhøve i Sør-Norge denne sesongen når det gjaldt forsuring av vassdrag. Trass i dette viste både vårprøvene – som rett nok blei tekne så seint som i byrjinga av juli – og haustprøvene akseptable resultat, med unnatak for Ytre Repetjønn og Langetjønn. Ekstra tiltak for desse blei sette i verk året etter.
 
Laget inngjekk dette året avtale om å disponera Gråndalstjønna på Eiriksteinfjellet. Den blei tatt opp i kalkingsprogrammet, og det blei sett ut fisk.
 
For å illustrera kalkingsaktiviteten på Lifjell kan det opplysast at det dette året på heile Lifjell blei spreidd 287 tonn til ein kostnad av kr. 300000. Bø fiskelag sin del av dette var 64 tonn til ein kostnad av kr. 66000.
 
Medlemstalet kom dette året opp i 431, med smått og stort.
 
1995
Vasstilførsla til klekkeriet var stadig ei kjelde til bekymring. Ein hadde klart å opne tilførsla frå Bøelva etter den fatale stoppen førre år, men ved påsketider stoppa det opp igjen, slik at ein berre hadde Tiubekk å lita på. Denne hadde ein lekkasje, som blei reparert.
Laget meinte at kommunen hadde eit ansvar for problema med tilførsla frå Bøelva etter at leidninga blei kutta under kommunale grøftearbeid, men kommunen ville ikkje innrømma noko ansvar.
 
Høgskulen i Telemark utfører prosjektoppgåver som ein reknar vil koma til nytte i kultiveringsarbeidet i Bøelva.
 
Det blei inngått avtale om disponering av Tveittjønna på Uvdalsheia, og kultiveringstiltak blei igangsett der. Dette var tenkt som eit tilbod til dei av medlemene som av ymse grunnar ikkje kan påta seg strabasane med å koma seg til fiskeplassane på Lifjell.
 
1996
Ein fekk endeleg løysing på problemet med vasstilførsla frå Bøelva. Sidan kommunen ikkje ville innrømme noko ansvar, tok laget i eigen regi og grov opp og lokalisera      lekkasjen. Maskinentreprenør Vidar Skogen utførte gravearbeidet gratis.
 
For fyrste gong i lagets historie, og kanskje for fyrste gong i det heile, blei det utført stamfiske på Lifjell. 5 dl rogn frå Holmen og 1dl frå Rjupetjønn blei befrukta.
Mengda var ikkje stor, men hendinga var historisk, og i årsmeldinga blei det spekulera på om dette var byrjinga på ein “stadeigen” stamme på Lifjell.
 
Årsrapporten frå elveutvalet fortel om den årvisse utsetjinga av lakseyngel (sjå 1988), og om prosjektoppgåva  på Høgskulen, som tek for seg parasitten i Bøelva.
 
Aktivitetsutvalet var sers aktivt i 1996, og kunne m.a. rapportera om at villmarkingen Lars Monsen hadde vore på besøk og halde foredrag med lysbildeshow med tittelen “Til fots gjennom Alaska”.
 
Kalking av Tveittjønna blei utført for fyrste gong, med kalk som var transportera opp hausten 1995. I mars blei kalken spreidd på isen med weaselen. PH-målingane viste godet resultat, og 400 2-somrige settefisk blei sette ut.
 
Etter søknad blei Gråndalstjønna oppteke i det sams kalkingsprogrammet for Lifjell.
 
1997
Hovudoppgåva ved Høgskulen om parasitten i fisken i Bøelva var ferdig i juni. Mykje arbeid gjenstår før ein kan få ei løysing på problemet, men rapporten er eit verdfullt bidrag til dette.
 
Det litt anstrengte tilhøvet til kommunen i saka om lagshus blei retta noko opp i og med at laget fekk løyve til å disponera gratis eit areale til tomt der huset står idag. Huset blei tegna og byggekalkyle og driftsbudsjett blei sett opp. Byggemelding blei levert i desember etter at Bø Sparebank hadde gjeve tilsagn om lån.
Ein var altså godt igang, og det var på høg tid, då ein freista eit sers “trangbodd” tilvere på klekkeriet etter at ein hadde flytta ut av Vreim Skule.
 
1998
Også dette året hadde ein problem med vasstilførsla til klekkeriet. I september hadde ein stopp i tilførsla i eit par timar, noko som førte til at ein mista 1155 yngel.
 
To nye vatn på Lifjell, Sandtjønn og Storsteintjønn, blei overteke for å disponerast av laget.
 
Den heilt store saka dette året var at arbeidet med permanent lagshus kom i gang på den tomta nedstrøms Oterholtfossen som ein hadde fått disponera av kommunen.
Vedtaket om dette blei gjort på årsmøtet. Det blei nedsett byggekomite, og arbeidene blei sett i gang i juni.
Innan årsskiftet var ein så langt komne at bygget var så godt som ferdig utvendig.
 
Fiskekulturarbeidet på Lifjell, der Bø Fiskelag var – og er – ein krumtapp, fekk uventa reklame gjennom ein artikkel i tidsskriftet “Alt om fiske” med tittelen “Lifjell – Hardangervidda i miniatyr”.
 
 
1999
Klekkeridrifta hadde eit tilbakeslag dette året. I byrjinga av juni måtte ein konstatera at all yngelen frå stamfisket hausten 1998 var dau. Denne gongen var det ikkje vasstilførsla som hadde skylda, men mistanken vart retta mot dårleg for. Det såg ut til at fisken rett og slett hadde sulta ihel.
Som om ikkje det var nok hadde ein besøk av mink i klekkeriet. Dei kosa seg med dei feite settefiskane som var att av 1997 – kullet.
 
Dette året fekk ein indikasjonar på ei viss overbefolkning i nokre av vatna på Lifjell.
Dette gjaldt m.a. Holmen, som er eit næringsfattig vatn der bestanden ikkje bør bli for stor om kvaliteten skal bli god. Dessutan har det vist seg at gytetilhøva er sers gode, då fisken gyter i sjølve vatnet. Laget vurdera tynningsfiske med garn.
 
I Tveittjønna gjorde ein tiltak for å få ned bestanden av tryte. Tryta gyter om våren på kvist og kvas som ligg nede i vatnet. Ein la ut kvistar langs land rundt tjønna, og ei god veke seinare tok ein opp kvistane med godt over 10 liter rogn på dei.
 
Dette året var det stor aktivitet i Bøelva, knytta til prosjektoppgåva ved Høgskulen (sjå 1996 og 1997). Prosjektet hadde munna ut i ein rapport med tittelen “Forbedring av ørretkvalitet i øvre Bøelva”. Prosjektet viste at sterk reduksjon av bestanden truleg ville redusera problemet med parasitten i fisken.
På grunnlag av dette kjøpte Bøelva Grunneigarlag ei storruse til tynningsfiske, og denne blei bruka frå 5. mai til 24 juni.
Erfaringane, som var delte, blei oppsummera i rapporten.
 
2000
I Bøelva var dette andre året av det treårige prosjektet i regi av Høgskulen (sjå 1999).
Til tynningsfiske, som ein meinte var den mest effektive metoden for forbetring av kvaliteten, blei fleire typar reidskap utprøva, både storruse, ein mindre rusetype og små teiner. Av desse viste teinene seg å vera det mest effektive.
 
                               ———————————-
 
Her, med året før laget feira sitt 25-års jubileum, avsluttar vi kavalkaden over viktige hendingar for kvart år.
Perioden som følgjer fram til 2006, då laget feira sitt 30-årsjubileum, er prega av god oppslutnad om laget, jevn drift utan dei store tilbakeslaga, god økonomi, og, ikkje minst, god dugnadsånd. Dette siste viste seg serleg under arbeidet med den nye hytta ved Holmen som var ferdig til bruk hausten 2006. Og den gode trenden synest å bli ført vidare.
 
Holmen er, ved sidan av lagshuset på Oterholt, eit senter for verksemda i laget. Det har vore slik lenge, heilt sidan den gamle hytta (fiskebua) blei bygd, og det blir det ikkje mindre no, etter at ein har fått ei ny triveleg, komfortabel hytte som er bygd etter avtale med grunneigarane, og som kan brukast av aktive medlemmer, og av grunneigarar.
 
Her, ved og i området ikring Holmen driv laget fiskekulturarbeid (m.a. stamfiske, bestandsundersøkingar, tynningsfiske med ruse og garn) og her får studentar og skuleklassar koma for å læra og drive undersøkingar.
Ein lavvo som står oppe i sumar/haustsesongen dekker behovet for husly når hytta ikkje strekker til.
 
I denne perioden kjøpte laget ei ny Volvo bandvogn som Forsvaret selte som overskotsmateriell. Etter at ein med iherdig innsats og gode biltekniske kunnskapar hos leiaren av “bandvognutvalet” hadde kurera ein del barnesjukdomar, kunne ein med nødvendig kommunalt løyve ta vogna i bruk, og ho har sidan gjort trufast teneste og letta vintertransporten monaleg, ikkje minst under transporten av materialar til den nye hytta ved Holmen.
 
Når det gjeld drifta av klekkeriet, så er vasstilførsla sikra , slik at ein slepp dei bekymringane ein hadde før, for at ein skulle få akutt stopp og yngeldød. Røropplegget i Tiubekk er fornya og lagt om og skaffar reint vatn med jamn temperatur.