Klokkesteintjønna på Nybufjellet (eller Kloppesteintjønna som det står på kartet) er sjølve arnestaden for laget si verksemd på Lifjell. Det var her ein fyrst starta fiskekulturarbeid i nokon mon.
Tjønna ligg på 964 m. o. h., har eit areal på 86 dekar og er det nest største av vatna, etter Holmen.
 
Tjønna husa verkeleg stor fisk i gamle dagar. Rekorden skal vera ein rugg på 6 kilo ein gong i 20 – åra. Ho gjekk for å vera fisketom då laget starta arbeidet på slutten av syttitalet, men det var litt delte meiningar om dette. Nokre av den eldre garde meinte at det framleis gjekk ein og annan rugg på djupet. Heilt sikkert er det at det var fisk i tjønna så seint som på sekstitalet. 
Like etter starten, i 1977, blei det gjort spreidde forsøk med utsetting av fisk, men gjennombrotet kom vinteren 1980, då 8 tonn kalk blei frakta til Klokkesteintjønna, og om sommaran blei det spreidd kalk i innløpsbekkane. Det blei sett ut yngel frå eige klekkeri, saman med ein del villfisk.
Allereie i 1982 blei det tatt fleire fisk av fin storleik og kvalitet. Dette var nok av villfiskane, men det visa likevel at oppveksttilhøva i tjønna var gunstige.
Det er auren som rår grunnen i Klokkesteintjønna, men ein artig ting er det at det er tatt eit par røyer som ein veit om. Røya pleier jo ikkje å vera beskjeden i høve til auren, men det ser ikkje ut til at det har blitt nokon bestand av ho.