Skåråfjellholmen er vel det mest sentrale av vatna våre reint geografisk, der det ligg på toppen av Glekse, og med stien forbi, der mange går når dei skal frå Jønnbu til området ved Øysteinnatten, og vidare innover mot Hollane.
Vatnet ligg på 1049 m.o.h. og har eit areal på 30 dekar.
Vatnet var nok fisketomt då laget starta si verksemd, for pH var så låg som 3,95 like før den fyrste kalkinga blei utført. Korleis det har vore i tidlegare tider veit vi førebels ikkje, men kan hende kan vi seinare få veta noko hos eldre folk som er kjende på Lifjell.
Det fyrste laget gjorde var at det i 1977 blei sett ut canadisk bekkerøye, på same vis som i Jøronnattjønna. 112 stk. blei sett ut, men heller ikkje her kunne ho halde seg i ro.
Så gjekk det mange år, heilt fram til 1989, då det blei kalka fyrste gong, og den fyrste fisken blei sett ut. 600 blei sett ut det året, og seinare blei det årvisst fram til 1998 sett ut 50 – 1
50 fisk. Kalking har vore utført kvart år, og pH har med unnatak av av eitt år halde seg på eit akseptabelt nivå.
Bestanden idag består av aure, og den må seiast å vera bra. Storleiken er ikkje all verden, men fisken er i bra hold.
Illustrasjonsbildet er eit “historisk” bilde frå 1950. Er det nokon som kjenner  karen som slappar av på steinen, så sei ifrå. Han er truleg ikkje på fisketur, for det er ikkje spor av fiskeutstyr å sjå. Kanskje er vatnet fisketomt ?.
I kort avstand frå Skåråfjellholmen finn ein tre mindre tjønner som er kutivera samstundes, Sauetjønn, Snotjønn og Sleivtjønn. Her er det og ein bra aurebestand, og det høver fint å ha Skåråfjellholmen som base, og så ta runden og prøve fisket i dei andre