Langetjønn ligg på 949 m.o.h. og har et areal på 25 da.
Langetjønn var det siste vatnet som kom med i lagets sitt kultiveringsarbeid. Det blei kalka og sett ut fisk fyrste gong i 1993. Før kalkinga var pH målt til 4,48. Berre to av dei andre vatna har hatt lågare pH ved oppstart av kultivering.
At vatnet var svært surt kunne ein ha mistanke om utan pH-måling, då det var – og er – ein del brunfarga av humus.
Vatnet var fisketomt når ein ser bort ifrå at det kunne vera ein del tryte. No finst det berre aure i vatnet, og det er uvisst om han gyter naturleg, då det er lite småfisk å sjå. Vatnet har heller ingen gode gytebekkar. Dersom han gyter naturleg er det truleg nedstraums, i utløpsbekken eller i den svake straumen på eit smalt parti av vatnet.
Gode næringstilhøve og avgrensa gytemulegheitar gjer at den fisken ein får vanlegvis er i godt hold. Er ein heldig kan ein få rektig stor fisk.
Lukk meny