Desember 2011
Julehelsing
Så er enno eit gått over i historia, og det er tid for å ynskja laget sine medlemmer og andtre lesarar av heimesida vår ei god jul, og eit godt nytt år.
(23.12.2011)
  Opplev Bø
Bø Fiskelag er blitt med på utvikling av eit nettbasert informasjonssystem – ein møteplass på nettet – saman med lag og institusjonar i Bø
kommune som har aktivitetar innanfor natur, kultur og friluftsliv. Initiativtakar og leiar av prosjektet er Arne Hjeltnes frå Bø Turlag.
Med basis i det globale kartsystemet Google Earth skal systemet gje stedfesta informasjon i form av bilder, tekst og linkar til nettstader etc., om aktiviteter og attraksjonar som dei ulike laga og institusjonane steller med.
Systemet er enno i si spede byrjing, og for vårt vedkommande har vi fått med ein del om aktivitetane våre på Oterholt, innanfor den delen
av systemet som gjeld området langs Bøelva.
(12.12.2011)
November 2011
Uthuset
Vi kan melda om ein ny liten milepel i byggearbeida. Sist torsdag kveld kom takstolane på plass.
(29.1102011) 
September 2011
Det blei laksefangst i år igjen
Meitefiske-konkurransen
Formannen i aktivitetsutvalget, Finn-Erik Kåsa, rapporterar :
Tirsdag 30. august gikk den årlige meitekonkurransen i Bø-elva av stabelen.
Det var 11 deltagere, og gledelig var det at to av disse var under 16 år.
Årets vinner ble Knut Hovd med en laks på 3,5 kg
Nr to ble en av de unge, Magnus Flatland med 17 ørret på til sammen 1,8 kg, og Bjørnar Nygård tok 3. plassen med 2 ørret på til sammen 0,25 kg.
(8.09.2011)
  Uthuset
Ikkje akkurat grunnsteinsnedlegging, men viktig  milepel likevel. På den første septemberdagen blei det første hjørnet på ringmuren sett på plass.
(2.09.2011)
August 2011
  Meitefiske-konkurranse
Vi inviterar til meitefiske-konkurranse i Bøelva tysdag 30. august. Påmelding på klubbhuset på Oterholt frå kl. 16.30 og fiske frå kl. 17.30 til kl 20.30. Påmelding kr. 50.
Velkomne.
(25.08.2011)
Aktivitet på Holmen
Gøy å se at ungdomsmedlemmer som har vore med på arrangerte turar til Holmen tidlegare, reiser
attende på eiga hand i 16 – 17 års-alderen. Lavoen på bildet er ungdomsgruppa sin og ligg på Holmen. Lurt å bruka plattingen til stor-lavoen i desse regntider.
(17.08.2011)
  Dugnad
Det blir en hektisk dugnadshaust i år:
– Uthus/garasje skal byggast. Forskaling av sålen startar denne veka.
– Klubbhuset skal beisast. Det er ferdig vaska, men vi treng et meir stabilt ver.
– Ved skal kappast og kløyvast.
– Røykomnen kan og påbyrjast.
Det hadde vore flott om så mange som mogeleg kunne stilla opp på torsdagar kl. 1900 og teke i bruk nokre andre kveldar/lørdagar og. 
(17.08.2011)
Juni 2011
  24 timar på Lifjell
Her får du resultata frå fiskekonkurransen, rapportert av formannen i Aktivitetsutvalget, Finn-Erik Kåsa:
Den årlige 24 timers fiskekonkurransen til Bø fiskelag gikk av stabelen på Lifjell i pinsa. Været var strålende, så det ble et strålende døgn på fjellet.
Det var i år 14 deltakere med.
Det ble veid inn 36 fisk, med en samlet vekt på 6,45 kg. Dette gir en snittvekt på 179,16 gram pr. fisk. All fisk ble veid inn ferdig renska.
Vinner av klassen for mest fisk (i vekt) ble Henning Rønningsland med 22 fisk på tilsammen 2430 gram. Nr to ble Per Ingar Bergan med 4 fisk og 1311 gram.
Og nr 3 Dag Hallvard Kaasa med 3 fisk og 980 gram.
 
I klassen for størst fisk vant Finn Erik Kåsa med en fisk på 972 gram, nr 2 Per Ingar Bergan med 376 gram og nr 3 Atle Tjønnås med 340 gram.
 
Dameklassen ble vunnet av Margit Helga Thoen med 2 fisk.
 
Vi ser allerede fram til neste års konkurranse og håper på enda flere deltakere da.
Vi legg ved to nye bilde for å dokumentera ein vellukka konkurranse.
(21.06.2011)
 
Fiskekonkurransen på Lifjell
gjekk av stabelen som planlagt. Største fisk var ein fin aure på 1,1 kg. ureinska, teken på botnmeite av Finn-Erik Kåsa i Øvre Repetjønn.  Atle Tjønnås fekk ein fin fisk på ca. 0,5 kg. ureinska. Begge fiskane (og den eine fiskaren) ser du nedanfor.
Vi kjem attende med nærare detaljar seinare.
(17.06.2011)
 
  Vurdering av vasskvalitet
Har du planar om å kjøpa settefisk frå klekkeriet vårt for utsetting i vatn som du disponerar, men er usikker på vasskvaliteten, kan du no senda vassprøvar til oss for måling av pH og leidningsevne med utstyr som vi har kjøpt inn. Vi har fagmann i laget som kan tolka resultata og gje råd.
Er du interessert i dette, så ta kontakt med formannen i klekkeriutvalget, Alf Hvitsand.
(10.06.2011)
  Bygging av uthuset er igang
Uthuset på 70 m2, som skal ligge ved sida av lagshuset på Oterholt, er no under bygging. Skogrydding og avdekking av vegetasjon og matjordlag er utført, og neste etappe er fylling som underlag for platestøyp. Heldigvis har vi proffe folk i laget med maskinar til disposisjon, men det vil etter
kvart bli behov for dugnadsinnsats frå oss andre og, så møt opp!.
(10.06.2011)
Mai 2011
Laget sine lovar
På årsmotet blei det vedteke nokre mindre justeringar i laget sine lovar. Lovteksten, slik han er idag finn du undet “Laget sine lovar” i menyen
til venstre.
(31.05.2011)
  Norgescup i flugefiske
Det vellukka arrangementet i Bøelva i fjor har ført til at Flugefiskarforbundet NKFF vil gjenta det helga 17. – 19. juni i år. Bø Fiskelag vil vera medarrangør, og kontaktpersonar i laget vil vera Bjørn Olav Haukelidsæther og Gjermund Gåra.
Som i fjor vil basen vera Hegna Camping, og fisket vil som i fjor foregå i Bøelva, og delvis i Seljordsvatnet.
Sjå også nettsida til Flugefiskarforbundet www.nkff.net .
(30.05.2011)
  24 timars fiskekonkurranse på Lifjell
Den årvisse konkurransen blir i år halden i pinsa, søndag 12. juni kl 1400 til mandag 13. juni kl. 1400.
Påmelding på lagshuset på Oterholt søndag frå kl. 0900 til kl. 1100, eller på telefon 911 38 651. Innveging på lagshuset mandag kl. 1700.
Konkurransen er open for alle. Pris: Medlem kr. 50 ikkje medlem: kr 100. Barn/ungdom under 16 år: Gratis.
Velkommen!
(16.05.2011)
April 2011
Holmentur i siste liten
Jostein rapporterar følgjande om bandvognturen til Holmen siste helg:
Lørdag 2. april reiste 5 personer opp til hytta på Holmen. Oppover hadde vi med ved, gass, lavo til ungdomsutvalg og diverse felles forbruksvarer. Turen opp gikk fint, selv om det er lite snø i fjellet og det har vært mildt den siste tiden.
På hytta fikk vi reparert vannlekkasjen rundt vinduer på østveggen, rydda i hytta og i bodene og panelt i uthuset. Etter en hektisk dag, var det klart for nedturen. Det hadde blitt noe mer overvann, men vi regnet ikke med de store problemene. Men føret hadde endret seg mye på 12 timer. Overvann og til tider mye sørpe på isen gikk greit, men derimot veldig løst føre og mye vann i terrenget samt tåke og mørke førte til at det ble en laaang tur hjem. Fint med erfaren sjåfør!
Dette ble garantert den siste tur på fjellet, BV-202 er parkert i lavlandet. En flott men hektisk dag.
Bekken mellom øvre og nedre Holmen hadde åpnet seg litt. Det er vår snart!
(4.04.2011)
Februar 2011
Nettsida
Vi har gjort ei lita ommøblering på nettsida. Serleg viktige nyheter vil koma i kortversjon øvst på hovudsida, med link til denne sida, der det vil stå ein meir utførleg tekst.
(19.02.2011)
  Årsmøtet 2011
 
Nytt av året: Spekemat i staden for Spa, og ny sofagruppe
Årsmøtet blei halde fredag 18. februar med 24 frammøtte, ein fleire enn siste år.
Årsmelding, regnskap og budsjett blei vedteke utan større merknader, og dei som var på valg av styret blei gjenvalde. Det same galdt revisorane og to av medlemmene i valgnemnda, Gunnar Rønningsland og Kjell Olav Kaasa.  Valgnemnda får no to medlemmer mot fire sist.
Styret må konstituera seg før ein kan seia kven som får dei einskilde verva.
Det blei to nye utvalgsformenn, Tor Sisjord i Lifjellutvalget og Finn-Erik Kåsa i Aktivitetsutvalget.
Styret hadde gjort framlegg for årsmøtet om justering av laget sine lovar, mellom anna for å få dei meir i samhøve med den fokuseringa på ungdomsarbeid som no har blitt aktuell. Dette framlegget blei vedteke med ei lita endring.
Styret hadde og invitera årsmøtet til å seia si meining om korleis ein kan få fleire aktive medlemmer i laget, serlig med tanke på at vi etter kvart forvaltar ganske store verdiar.
Det kom mange, tildels ganske kreative, framlegg som vil bli drøfta i styret utover i året. Det var slike ting som større premiar ved fiskekonkurransane, meir direkte info om fiskeplassar, gjestebok på nettsida, facebook, damegruppe, samarbeid om videoredigering, fotokonkurranse, fastare organisering utanom styret av bygningsvedlikehald osb.
(19.02.2011)
Klikk her, så kan du lesa referatet frå årsmøtet.
Januar 2011
Årsmøtet
Vi minnar om årsmøtet fredag 18. februar, og fristen for å melda inn saker for handsaming på årsmøtet, som er 15. januar.
Eiga innkalling til årsmøtet vil koma.
(7.01.2011)
OBS. OBS.  Filmkveld på kubbhuset !
Møt opp på klubbhuset på Oterholt førstkommande torsdag, 13. januar, kl. 2000. Med det nye framvisningsutstyret vårt visar vi spennande og interessante filmar som vil skjerpa appetitten på fiskeopplevelsar kommande sesong.
(7.01.2011)
Lukk meny