Desember 2010
Julehelsing
Med isaktivitetar på Uvdalstjønna ønskjer vi medlemene og andre lesarar av heimesida god jul og godt nytt år.
Rekruttar til Bø Fiskelag ?
Det har no teikna seg vel 90 medlemer frå 8. og 9. klasse på Bø Ungdomsskule. Det gjeld gratis prøvemedlemsskap ifølgje avtala mellom ungdomsskulen og Bø Fiskelag (sjå “Ungdomsarbeid” under September).
Om våren i 10. klasse vil vi setja igang vervekampanje for å få flest mogeleg til å teikna vanleg medlemsskap etter at dei er fylt 16 år.
(21.12.2010)
Årsmøtet
Styret har beramma årsmøtet til fredag 18. februar. Saker som ein vil ha handsama på årsmøtet må vera innkomne til styret seinast 15. januar.
(3.12.2010)
Oktober 2010
Stamfiske
Årets stamfiske på Holmen blei utført 2.-3. og 12.-13. oktober. Det blei henta fisk frå bekken mellom øvre og nedre Holmen, og i bekken frå Rupetjønn.
På den fyrste turen 2.-3. oktober var det mykje vatn i bekkane. Det blei tatt 75 fisk, men berre 10 stk. var ho-fisk. Av desse 10 var berre 3 stk. gyteklare.
12.-13. oktober var det mykje mindre vatn på bekkane. Men då det er blitt rydda og laga demning i bekken mellom øvre og nedre Holmen, er vassføringa god sjølv ved lite nedbør, og det blei tatt heile 65 fisk her. Det “kokte” når el-apparatet blei aktivisert.
I bekken opp til Rupetjønn blei det berre tatt 40 fisk. Dette skuldast lite vatn i bekken.
Resultatet blei ca. 2,5 dl.rogn.
På den siste stamfisketuren var fem gutar frå ungdomsgruppa med, og dei blei imponerte over kor effektivt el-apparatet var. Enno meir imponerande var det at tre av gutane sykla frå Bø og opp til Røksbu parkering og gikk vidare derifrå og opp til Holmen.
(18.10.2010)
Utsetting av fisk
Der har i haust blitt sett ut fisk i følgjande vatn på Lifjell:
  •  Øvre Repetjønn, 50 stk.
  •  Midtre Repetjønn, 50 stk.
  •  Sautjønn (Nybu), 50 stk.
  • Sautjønn (Skåråfjell), 50 stk.
(18.10.2010)
September  2010
Laksefangst under meitefiskekonkurransen
Under meitefiskekonkurransen 31. august tok Kjell Olav Kaasa storeslem med ein laks på 1,7 kg. Han forsynte seg dermed grovt av premiebordet
og tok med seg heim, i tillegg til laksen, eit gavekort på 500 kr. frå Brukås Sport, todelt flugestong og napp i Bø Fiskelag sin meitepokal.
Meir utførleg rapport kjem seinare.
(29.09.2010)
Meitelaksen og fiskaren
 
Ungdomsarbeid
Bø Fiskelag har inngått ei avtale med Bø Ungdomsskule, som mellom anna inneber:
– Gratis, uforpliktande medlemsskap i laget si ungdomsgruppe, for dei av elevane som ynskjer det.
– Deltaking for elevane i utflukter som laget si ungdomsgruppe arrangerar, med dekning av elevane sine utgifter etter
  nærare reglar.
– Laget kan stille som fagleg ressurs for ei friluftslivsgruppe som opprettast av skulen.
– Laget bygger opp, ved årlege innkjøp, eit lager av tur- og fiskeutstyr til bruk for laget si ungdomsgruppe. Ved behov får
– elevane ved ungdomsskulen låne utstyret.
No er ikkje samarbeid mellom laget og ungdomsskulen av ny dato, men i og med avtala er samarbeidet formalisera og har fått eit langt større omfang.
Bileta nedanfor syner aktivitetar på Holmen no i sommar, som var eit resultat av samarbeidsavtala.
(15.09.2010)
August 2010
Meitefiskekonkurranse
Aktivitetsutvalget melder at det blir meitefiskekonkurranse i Bøelva tysdag 31.8.2010 frå kl. 17.30 til kl. 20.30. Påmelding på klubbhuset frå kl. 16.30.
Påmeldingsavgift kr. 50. Sjå annonse i Bø Blad.
(23.08.2010).
Juli 2010
Døgnfiskekonkurransen
Vi kjem seint, men godt, med resultata i år. Helge Eika i Aktivitetsutvalget rapporterar:
Den årvisse døgnfiskekonkurransen på Lifjell vart halden helga 26.6-27.6 i eit strålande sommarver. Trass i det fine veret var oppslutnaden om konkurransen i år også heller skral; berre 11 stk. i vaksenklassa og 2 i ungdomsklassa. Men dei som var med kosa seg skikkeleg i det fine veret. Innveging av fisken var på klubbhuset søndag kl. 17.00.
Fiskemessig var det vel heller midt på treet. Totalt vart det tatt 55 fisk. Vinnar i vaksenklassa med flest fisk vart Henning Rønningsland. Han fekk 17 fiskar, alle fiska i Holmen, med ei totalvekt på 1632 g, så det er ikkje store fiskane me snakkar om der! Han fekk eit gavekort hjå Brukås Sport på kr. 750,-. Premien for største fisk var i år, utruleg nok, delt mellom to personar.
Det var Dag halvard Kaasa og Kjell Tjønntveit som delte den, begge med aurar som ferdig renska vog 392 g, fiska henholdsvis i Sleivtjønn og Midtre Repetjønn. Her var premien ein Jerven fjellduk, som gjekk til Kjell, då Dag Halvard hadde ein frå før.
I staden fekk han eit gavekort hjå Brukås Sport pålydande kr. 900,-.
I ungdomsklassa vart førstepremien delt mellom Nina og Hans Arvid Kaasa, som fekk to fiskar kvar. Her skilde det berre 2 g på totalvekta, så da fann me ut at det var mest rettferdig å dele førstepremien mellom dei. Dette var eit gavekort hjå Brukås Sport på kr. 750,-.
(19.07.2010).
Juni 2010
Døgnfiskekonkurransen på Lifjell
Dersom du slår opp i Bø Blad fyrstkomande torsdag. 24. juni, vil du sjå følgjande annonse:
Bø Fiskelag, Fiskekonkurranse.
24 timars medlemskonkurranse arrangerast på Lifjell laurdag 26. og søndag 27. juni 2010.
Premie for størst fisk i år vert ein Jerven Fjellduken Original.
Premie for klassevinnarar vert gåvekort frå  Brukås Sport a’ kr. 750,-.
MØT OPP, DETTE VERT MORO!
Påmelding: Fredag 25. juni kl. 18 – 22 og laurdag 26. juni kl. 08 – 10, på telefon/SMS 915 94 004 (Dag Halvard). Deltakaravgift kr. 50.
To klassar: t.o.m. 16 år og over 16 år. Det kan fiskast frå laurdag 26. juni kl. 14 til søndag 27. juni kl.14 i alle lagets vatn på Lifjell. Innveging av sløya fisk i klubbhuset på Oterholt søndag 27. juni kl. 17. 
(18.06.2010)
Mai 2010
Norgescupen
Her er nokre stemningsbilde frå elva laurdag føremiddag. Meire om konkurransen vil koma her og på nettsida til NKFF.
(30.05.2010)
                            
Fast fisk
Flugefiskargruppa er etablert
Det skjedde på eit møte i lagshuset torsdag 27. mai.
Gjermund Gåra har skrive følgjande referat:
På årsmøtet vart det bestemt at det skulle bli et nytt utvalg, ei gruppe for flugefiske. Det vart valt to personar som skulle dra igang denne gruppa: Gjermund Gåra og Kjell Nordbø.
Via laget sitt infoskriv til medlemmene blei det kalla inn til møte.
Desse deltok på dette første møtet:
Bjørn Olav Haukelidsæter; Sigmund Sevatdal; Kjell Nordbø; Steinar Dahl; Finn-Erik Kåsa; Svein Mikelborg; Dag Halvard Kaasa;    
Per Ingar Bergan; Toralf Bergskås; Gjermund Gåra.
Formålet med møtet var å få høre kva den nye undergruppa bør ha som formål. Her er eksemplar som vart nevnt:
       – Få Bøelva til å bli ei god ørretelv, den har eit stort potensiale.
       – Stoppe lakseutsetting.
       – Lage temakvelder, eks. insektlære, flugebinding, kastekurs på alle nivå.
       – Seminar ein gong i året med div. tema ang. flugefiske.
       – Arrangere ein eller to turar for gruppa, eks. Lifjell eller ein sjøørret-tur.
       – Treff med andre undergrupper i laget, eks. ungdomsutvalget/juniorklubben.
       – Sende inn fangstrapport.
       – Lage “terminliste” til hausten over aktivitetar vi skal ha, med datoar, slik at vi kan planlegge i god tid.
Alt dette lar seg ikkje gjennomføra kvart år, men vi får prøve å komme igang. Mørketida, haust og vinter er nok den beste tida for treff av ulikt slag. Forslag om å kanskje møtast ein gong i månaden, haust, vinter og tidleg vår.
Bjørn Olav hadde ei orientering om NC i flugefiske som skal vera til helga, 29. og 30. mai.
Sigmund fortalte om laksen i Bøelva. Dette er noko som må stoppast.
(28.05.2010)
Hugs Norgescupen i helga !
Sjå annonse i Bø Blad for idag.
(27.05.2010)
Døgnfiskekonkurransen på Lifjell
Aktivitetsutvalget planlegg å arrangera den årvisse døgnfiskekonkurransen på Lifjell laurdag 26. og sundag 27. juni. Fisketida blir frå kl. 14.00 på laurdag til kl. 14.00 på sundag, med innveging og premiering på lagshuset sundag kl. 17.00.
Påmelding kan skje både på sms og ved oppmøte på lagshuset, men dette vil ein koma attende til seinare.
(12.05.2010) 
Flugefiskekonkurranse i Bøelva
Det blir Norgescup i flugefiske i Bøelva helga 28 – 30 mai, med base på Hegna Camping.
Klikk på www.nkff.net så får du opp heimesida til Fluefiskeforbundet, NKFF. Der kan du lese om Norgescupen i Bø. NKFF, saman med Bø Fiskelag og Landsmarka Jeger og Fiskerforening, står for arrangementet.
Arrangementet skal foregå som ein lagkonkurranse, med to “proffer” og to nybegynnere – som vil få opplæring – på hvert lag. Elva blir delt opp i soner fra Herrefoss og opp til Seljordsvatnet, og det skal også fiskast i vatnet med båt.
Nærare info vil koma til alle medlemmene.
(11.05.2010)
 
Kva bør skje med Bøelva?
Den årvisse utsetjinga av lakseyngel ser ut til å gje dårleg resultat, og auren har på visse strekningar av elva dårleg kvalitet. Mange spør seg om elva nokon gong kan bli skikkeleg lakseførande. Bør ein heller satse på å få opp ein god aurebestand på heile strekninga ?
I samband med Bøelva Grunneigarlag sitt årsmøte 19. mai skal det haldast eit møte i lagshuset for å drøfta desse problemstillingane.
Forutan representantar for grunneigarane skal folk frå fylkeskommunen vera til stades. Frå Bø Fiskelag møter Sigmund Sevatdal, Howard Parker og Alf Hvitsand.
Ein vil prøva å koma fram til ei sams oppfatning som kan gje grunnlag for uttale til aktuelle myndigheiter (DN, fylket etc.).
Det må truleg fleire møte til før ein kan koma i hamn med dette.
(7.05.2010)
April 2010
Torsdagstreffet med tema kano/fisketur i Canada
Aktivitetsutvalget ved Helge Eika gjev følgjande samandrag:
Dei som hadde møtt opp for å sjå bilde frå Vegard Hvamb sin kanotur på Horton River i Canada i juli 2008 saman med tre andre, fekk ein minnerik kveld.
Vegard hadde mange flotte  bilde frå turen, og det kribla nok i mange “villmarkshjerte” når ein såg dei. Det blei stilt ein del spørsmål undervegs, spesielt om planlegging av slike turar, og alle fekk svar på det dei lura på.
Saman med kaffe og kringle vart det ein riktig så koseleg kveld.
Vegard har også vore på turar andre stadar, og han lova å koma tilbake med fleire bilde seinare. Me gler kånn !
(12.04.2010)
Mars 2010
Kano/fisketur i Canada
På torsdagstreffet 8. april i lagshuset på Oterholt blir temaet kanotur og fiske i Canada.
Eit av medlemene i aktivitetsutvalget, Vegard Hvamb, vil fortelje og syne bilder på storskjerm frå ein kano/fisketur i Canada,
nærare bestemt Horton River, der han var saman med tre andre i juli 2008. Han vil og syne bilder frå andre plassar han har vore.
Det vil bli enkel servering (kaffe og kaker), og me startar kl. 1900. Alle medlemer er hjarteleg velkomne.
(25.03.2010)
Pilkekonkurransen
Aktivitetsutvalget ved Helge Eika melder:
Årets isfiskekonkurranse vart halden på Seljordsvatnet sundag 14.3. I motsetnad til tidlegare år, der konkurransen har vore for lagets medlemer, hadde me i år satsa på åpen klasse.
Trass i litt sur vind møtte det heile 37 ivrige fiskarar, 29 i vaksenklassa og 8 i barneklassa.
Det blei og tatt ein del fisk, 40 totalt. Mesteparten var røye, men det vart og tatt eit par sikar og aurar, pluss ein kot! Den var det Alf Hvitsand som tok, og hadde det vore premiering for minste fisk, hadde denne vunne suverent. Han vog nemleg berre 8 gram!
Denne fisken fekk ein del oppmerksomhet, då det for dei fleste av oss var ukjent at det finst kot i Seljordsvatnet. Som kjent er kot snaddermat for storauren.
I barneklassa gjekk førstepremien til William Moen med 2 fiskar og ei totalvekt på 184 gram.
Nummer 2 blei Anne Marte Nykås med ein fisk på 109 gram. Begge desse fekk gavekort. I tillegg fekk alle i denne klassa trøstepremiar.
I vaksenklassa vann Leif Wersland med 5 fiakar og totalvekt 326 gram, føre Per Ingar Bergan med to fiskar og totalt 255 gram.
Tredjepremien gjekk til Kåre Bjåland med 4 fiskar og totalt 227 gram.
Premien for største fisk uansett klasse gjekk til Per Ingar Bergan med ein aure på 176 gram.
Ikkje alle fekk fisk, men det var ikkje mykje om å gjera,og alle såg ut til å kose seg på isen. Ikkje kvart år at Seljordsvatnet har så fine istilhøve.
(15.03.2010)
     
OBS! OBS! Pilkekonkurranse, ny melding
Gløym meldinga nedanfor, for aktivitetsutvalget har funne at det sikraste, både vermessig og elles er å arrangera pilkekonkurransen på Seljordsvatnet
komande helg.
Dei melder:
Bø Fiskelag arrangerar isfiskekonkurranse på Seljordsvatnet sundag 14. mars kl. 1200. Påmelding frå kl. 1100 på Garvikstrondi Camping.
Fisketid: 3 timar. Vaksenklasse og barneklasse. Premiering. Påmelding kr. 50.
Konkurransen er open for alle.
(9.03.2010) 
Pilkekonkurransen
Aktivitetsutvalget melder at dei planlegg å arrangera årets pilkekonkurranse på Holmen sundag 11. april. Nærare info om dette vil koma.
(1.03.2010).
Februar 2010
Flugebindarkurs
Howard Parker satsar på å halde flugebindarkurs i år og. Han har nokre interessentar og startar opp i lagshuset på Oterholt onsdag 3. mars kl. 1900.
Er du interessert, så ta med utstyr og møt fram!. Dei som ikkje har utstyr kan få låna.
Dersom nokon ynskjer å driva med flugebinding på eiga hand, kan dei gjera dette på dei faste torsdagstreffa på lagshuset frå kl. 1900. Det er vanlegvis god plass ved langborda.
(20.02.2010)
Årsmøtet
blei halde 19. februar. Frammøtet var større enn det har vore på ei stund, 23 personar.
Årsmelding, regnskap og budsjett blei gjennomgått og godkjent utan vesentlege merknader. Medlemer som ikkje var til stades kan få årsmelding, regnskap og budsjett tilsendt ved å klikka her og senda oss ein e-post.
Styret blei attvald, men det må konstituera seg før sida “Styre og utvalg” kan oppdaterast.
Årsmøtet velger og leiarane i utvalga, og dei rekrutterar deltakarane i sine utvalg.
Ungdomsutvalget blei heilt nytt, med to unge deltakarar som laget truleg kan venta seg mykje av, Henning Rønningsland og
Thomas Gravkleiv.
Det blei oppretta eit nytt utvalg, Flugefiskargruppa, med Gjermund Gåra og Kjell Nordbø.
I Elveutvalget blei Jostein Bøen formann. I dei øvrige utvalga blei det gjenvalg av formann.
(20.02.2010)
       
       Sosialt samvær etter at sakene er unnagjort
Holmen i februar
Det er stille på Holmen på denne tida av året, og med den kulda vi har no bit det godt i fjeset på dei få som vankar der.
(10.02.2010)
    
Januar 2010
Vi får bygge uthus !
Utvalet for plan, teknikk og næring i kommunen gav oss i møte 19. januar løyve til å bygge uthus, for m.a. hysing av bandvogna, ved sida av lagshuset på det kommunale området vi disponerar på Oterholt (sjå notis under oktober).
Dei handsama saka som dispensasjonssak, og administrasjonen tilrådde – etter at dei hadde vore på synfaring – at dispensasjon frå reguleringsplanen ikkje skulle gjevast. Utvalet gjekk altså imot administrasjonen si tilråding og gav oss løyve.
(22.01.2010)
Årsmøtet
Styret har vedteke at årsmøtet skal haldast 19. februar. Eiga innkalling blir sendt ut til alle medlemene. Set av denne datoen og møt fram !
(15.01.2010)
Oterholtfossen
Området rundt fossen kan vera svært vakkert når kulda held seg ikring – 20 grader over lengre tid, slik vi opplever det no om dagane, sjå bileta nedanfor.
Klekkeriet vårt ligg noko utsett til når elva kjøvar, det vil seia dannar botnis slik at vass-standen stig. Det har hendt at vatnet nære på har flomma inn i bygninga, og vi kan få samme situasjon no dersom den sterke kulda fortsetter.
Botnis blir danna når underkjøla vatn, det vil seia vatn med temperatur under 0 som ikkje har frose på grunn av sterk straum, blir kvervla ned mot botnen der det finn noko fast å danna is på. Dette er mellom anna tilfelle i elvar som har stor vassføring om vinteren på grunn av regulering.
Regulanten i Bøelva, Skagerak/Sundsbarn, er heldigvis obs. på situasjonen ved klekkeriet, og dei vil trø til med reidskap og fjerna is dersom vass-standen aukar så mykje at det kan bli prekært. Vi held auge med elva og varslar Sundsbarm.
(09.01.2010)
          
Besøk på heimesida vår
Interessa for heimesida vår ser ut til å auka. I 2009 hadde vi totalt 2882 besøk, mot 2091 i fjor. Av desse var 1566 høvesvis 1311 såkalla unike gjester (nokre hadde vore på besøk fleire gonger, derav fleire besøk enn gjester).
Månadene juli og september toppa, med 180 og 154 unike gjester. I fjor toppa juli og august med 147 og 137 unike gjester.
Det var i år besøk frå heile 25 land, og frå Noreg var det overlegent flest, med USA på 2. plass.
Besøka frå Benin og Elfenbenskysten må seiast å vera dei mest eksotiske.
Dette ser jo flott ut, men vi må vel innrømme at mange av besøka truleg er meir eller mindre tilfeldige.
Teljaren nedast på sidene er no nullstilla. Dette skjedde nokre dagar ute i januar, så vi har “mista” nokre få besøk i statistikken.
(06.01.2010)