Desember 2017
Fangstoversikt for laks i Bøelva.
Vi har mottatt fangstoversikt for laks for 2017 frå Skienselva Elveeierlag, spesifisert for Bøelva. Det er sendt 35 rapportar i perioden frå 7.8 til 30.9, med totalt antall laks 33, med vekt frå 0,8 til 6,7 kg.
Berre 2 rapportar viser 0 fangst. Vi trur at det skulle vore fleire. Det er like viktig å rapportera når ein ikkje får fisk !
(11.12.2017)
 
November 2017
Avslaget på konsesjon for Herrefoss vil ikkje bli anka.
Midt-Telemark Energi og Bø kommune vil ikkje anka konsesjonsavslaget for Herrefoss, då dei meiner at det er små mulegheiter for å vinna fram. Norconsult, som har laga underlaget for søknaden, har og frårådd det.
Det er semje om at NVE har gjort eit grundig arbeid i samband med handsaminga av søknaden.
Når det gjeld Nye Oterholtfoss er oppfatninga at Olje- og Energideparementet truleg vil følgje NVE si tilråding.

(24.11.2017)

NVE er heller ikkje positiv til utbygging av Nye Oterholtfoss kraftverk
Positive nyheter for Bøelva  tikkar no inn på rekke og rad.
NVE si tilråding til Olje- og energidepartementet, som skal avgjera konsesjonssaka for Nye Oterholt kraftverk, kan lesast på NVE si nettside: 

Midt-Telemark Energi AS har søkt om tillatelse til å bygge Nye Oterholtfoss kraftverk i Bøelva i Bø kommune i Telemark. Kraftverket er planlagt som et elvekraftverk og vil utnytte fallet fra toppen av Oterholtfossen. Etter en samlet vurdering av planene for foreliggende utbyggingsalternativer og mottatte høringsuttalelser finner NVE at fordelene og nytten ved bygging av Nye Oterholtfoss kraftverk å være mindre enn skadene og ulempene for allmenne og private interesser. Dermed er § 8 vassdragsreguleringsloven, jf. vannressursloven § 19, ikke oppfylt. NVE anbefaler at Midt-Telemark Energi AS ikke får tillatelse til å bygge Nye Oterholtfoss kraftverk. I NVEs vurdering er det lagt vekt på negative effekter på gyte- og oppvekstområder for laks og ørret (storørret og sjøørret), og på elvemuslingbestanden nedstrøms Oterholtfossen. Influensområdets verdi for utøvelse av friluftslivsaktiviteter, og Oterholtfossens spesielle betydning for kultur- og landskapsopplevelse er også vektlagt i vurderingen.

(03.11.2017)

Oktober 2017
NVE seier nei til Herrefoss kraftverk.
Ikkje før har vi skreve den førre nyhetsmeldinga, før vi kan lesa følgjande på NVE si nettside:

Avslag til Herrefoss kraftverk
NVE har avslått søknaden om å byggje Herrefoss kraftverk. Storaure, elvemusling og fiskeinteressene i Bøelva har vore sentrale tema i NVE si vurdering av prosjektet. NVE meiner at dei negative verknadane for desse er store, vurdert opp mot planlagt produsert kraft. Etter ei samla vurdering meiner NVE at nytten av tiltaka ikkje er større enn ulempene tiltaka fører med seg.
NVE sitt vedtak kan innklagast til Olje- og Energidepartementet.
(31.11.2017)
 
Kan vi få auka lakseoppgang i Bøelva ?
Konsesjonshandsamingane for Nye Oterholtfoss kraftverk og Herrefoss kraftverk trekker i langdrag.
Dess lenger det lir utan at NVE kjem til nokon konklusjon, dess større er sjansane for at i alle høve Oterholtfossen blir liggande urørt.
Dessutan er Akershus Energi Vannkraft AS pålagt av NVE, etter påtrykk frå Fylkesmannen i Telemark, å søke om konsesjon etter Vannressurslova om tiltak for å sikre toveis vandring av fisk forbi Skotfoss kraftverk. Skotfoss kraftverk blei i si tid, likeeins som dei andre kraftverka nedstrøms Norsjø, bygd utan konsesjon. Vannressurslova krev at slike konseskonsfrie kraftverk kan påleggast i ettertid å søka om konsesjon, dersom serlege tilhøve ligg føre. Fylkesmannen i Telemark meiner at sikring av toveis fiskevandring er eit slikt “serskilt tilhøve”, og NVE er einig i dette.
I samband med søknaden er Akershus Energi Vannkraft AS pålagt å samarbeida med dei andre kraftverkseigarane nedstrøms Norsjø for å koma fram til langsiktige tiltak for å sikra fiskevandringa.
Dette kan ha stor verknad for Bøelva som lakseelv, då delar av den har gode gyte- og oppvekstområder for anadrome fiskeslag, serleg dersom den vedblir å vera urørd av kraftutbygging.

(30.10.2017)

September 2017
Vedlikehold på klekkeriet

40 års vær og vind har tatt hardt på taktekkinga, så no er taket stippa for gamal shingel, og legging av ny er på gang.
Dugnadsgjengen er førebels fåtallig, så det er behov for fleire villige hender.
Seinare skal klekkeriet oppgraderast innvendig.

(2.09.2017)

Juni 2017
24 timar på Lifjell

 
Formannen i aktivitetsutvalget melder:
Sjøaure-tur
Til helga brakar det laus igjen. Da arrangerar Bø Fiskelag SJØAURE-TUR te Hæljeroa, nærmare bestemt Omlistrand. (Gangavstand til fagre Mølen)
Det blir buss frå klubbhuset klokka 10.30, og påmelding på SMS til 90026902 innan fredag klokka 13.00, slik at me veit å stor buss me skal bruke. Det er meldt fint vær langt framover, og det tegnar til å bli ein knallfin tur. På Omlistrand skal me fyre opp bålpanna, og servere pølsur og kaffi.
Turen kostar 150 kronur pr. snåt. Med transport og mat håpar me ikkje den prisen vil skreme nokken.
Sjøauren e i betet for tida sier dei som har greie på det, og stemmer det blir detta ein opplevelse for livet, og kanksje ein tradisjon i åra som kjem.
Meld dekkan på!

(5.05.2017)

Mars 2017
Isfiskekonkurranse.
(29.03.2017)

Årsmøtet.
Årsmøtet hadde denne gongen uvanleg god deltaking, heile 26 personar, men kjønnsbalansen var dårleg. Ingen kvinner møtte.
Årsmelding og regnskap for 2016 blei referert og godkjent med ein del mindre merknader. Budsjett for 2017 blei godkjent med ei påplussing på utgiftene for vedlikehald av klekkeriet og nokre kommentarar i samband med dokumentasjon av dugnadsarbeid.
Formannen Jostein Bøen blei gjenvalgt. Det samme blei dei av det øvrige styret som var på valg, men her kan det i prinsippet bli omrokkeringar når styret konstituerar seg på første møte.
Utvalgsformennene blei gjenvalgte, og dei vil i sin tur rekruttera medlemmer til utvalga.
Under “Ordet  fritt” blei det ein del meiningsutveksling om laksen i Bøelva.
Årsmøtet ble avslutta med god  mat og godt drikke.

(26.03.2017)

Januar 2017
Gapahuken
Nedanfor har vi illustrera bygginga av gapahuken med bilde, frå starten i juli 2015 til den blei tatt i bruk i august 2016. Dessutan visar vi logoen til ein av dei viktigaste økonomiske støttespelarane våre, Sparebankstiftelsen DNB. Like før jul fekk vi melding om at vi hadde fått ei gåve frå dei på Kr. 60000 til ferdiggjering. Dei har funne arbeidet vårt, serleg det som gjeld ungdomsgruppa, så verdfullt at det fortener økonomisk stønad frå dei. Vi takkar hjarteleg for dette og lovar å bruka pengane slik at dei gjer størst mogeleg nytte.

Det er og andre som har støtta oss økonomisk. Bø installasjon, Moen Design, Ingemar Bråten og O. B. Stoa Transport AS har ytt verdfulle bidrag i pengar og naturalia, som vi takkar hjarteleg for.
(23.01.2017)














 
Lukk meny