Desember 2008
Julehelsing
Med ei lita stemning frå Uvdalstjønna ønskjer vi medlemene og andre lesarar av nettsidene ei god jul og et godt nytt år.
Flott julegåve
Frå Oterholt helselag har laget fått kr. 5000 i gåve. Det synar at det vi driv med blir sett på som helsefremjande, og det gjer at eit godt økonomisk årsresultat bli endå betre. Tusen takk !!
Familiedag på Uvdalstjønna
I likhet med i fjor på denne tida medverka aktivitetsutvalget i familiedag på Uvdalstjønna 7. desember. Hovudarrangør var Bø Turlag, og dei hadde med seg Miljøagentane, Bø KFUM speidergruppe og Bø Fiskelag.
                                     
Desse bilda er henta frå nettsida til Bø Turlag. Heilt til høgre demonstrerar Helge Eika pilking for interesserte store og små tilhøyrarar.
Vidare skriv turlaget: Stålisen var 18 cm tjukk og godt brukande til isleik, sjølv med noko snø oppå. Klårver og 10 kalde grader gav god vinterstemning. Pølsemat og pinnebrød blei grilla på eit stort bål på isen. Bålet gav varme til kalde skrottar. Bø Fiskelag rigga seg til inne i vika og halte etter kvart opp 8 tryter. Dei lærte bort nokre knep til mange interesserte.
Nettsida
Legg merke til at vi har “ommøblert” noko for å gje betre oversikt. Alle sidene unnateke “Nyhetsarkiv” kan ein no opna frå menyen til venstre. “Nyhetsarkiv” ligg framleis som ei underside til “Kva hender”.
Dessutan har vi samla alt som har med fiske å gjera i ei eiga side som er kalla “Fiskemulegheitar”.
November 2008
  
Lysbildeshow
I omtala av Holmen under “Fiskevatn” har vi no teke med eit lite lysbildeshow.  
Stamfisket
helga 25. – 26. oktober gjekk bra trass i at det var litt seint på året. 3,5 dl. rogn frå Holmen og 7,2 dl. frå Landsmarka blei lagt i klekkekara. Mengda var ikkje all verda, men det er jo ikkje sikkert at salget av settefisk seinare blir like godt som i haust, og då er det ikkje bra å ha for mykje “på lager”.
Oktober 2008
Stamfiske
På grunn av vellukka settefisksalg no i haust kan vi foreta “påfyll” i klekkeriet, og helga 25. – 26. oktober er avsett til stamfiske. Hovudfisket skal gå føre seg i Holmen, men sidan det er seint på hausten skal vi og foreta eit avgrensa fiske i Landsmarka, for å vera sikre på at vi verkeleg får ein del rogn å legge i kara.
September 2008
Salg av settefisk
Denne hausten har salget av settefisk gått svært bra. Ein har fått avsetnad på både to-somrig og tre-somrig fisk, slik at det er lite som er att i kara på klekkeriet.
Hyttevedlikehald
Klimapåverknad og UV-stråling i 1000 meters høgde sliter hardt på overflatebehandlinga, som må utførast ofte. Her ser ein litt av sommarens dugnadsinnsats på Holmen-hytta. Hytta blir sett inn med tjære
                                            
August 2008
Den årlege meitefiskekonkurransen
blei halden i Tveittjønna den siste dagen i august.
Her har du aktvitetsutvalget sin rapport:
Meitefiskekonkurransen blei arrangert på Tveittjønna søndag 31.8 med 14 påmelde. Det var ein gledeleg oppgang frå i fjor.
Duskregn og vindstille gjorde sitt til at fiskebettet ikkje var det beste. Berre 3 av det 14 deltakarane fekk fisk.
Suveren vinnar i vaksenklassa blei Alf Hvitsand med 11 tryter og totalvekt 664 g. Ein god nummer to blei Sigbjørn Tjønnås med 4 tryter og 169 g, medan Gunnar Rønningsland fekk ei tryte  på 41 g.
Det vanka premiar til dei tre beste i vaksenklassa og dei to som deltok i ungdomsklassa. I tillegg fekk Alf eit napp i vandrepokalen.
Tross den dårlege fangsten var humøret på topp, og me som var der kosa kånn.
Sjølv om det ikkje blei tatt nokon aure, såg me nokre vak som tyder på at det er stor aure i Tveittjønna.
     
   Fiskarane har posisjonera seg           Ventar på napp                      Alf og vandrepokalen
Laksen i Bøelva
Opp igjennom åra er det teke ein og annan laks i Bøelva på strekninga nedanfor Oterholtfossen, av tålmodige entusiastar.
Også i år er det ein del som prøvar seg, og ein og annan lukkast. Det er meldt om fangst av laks på ikring 4 kg., både ved Gårabrua og under Oterholtfossen.
Fangstane er ikkje så store som det ein kunne venta, når ein tenkjer på det arbeidet som m. a. Bø Fiskelag gjer med utsetting av yngel. Det er mange teoriar om kva grunnane til dette kan vera. Dette skal vi ikkje gå inn på her, men berre gleda oss over at det er mogeleg å få så edel fisk på kroken. Bøelva er inga Altaelv, men så treng ein heller ikkje å bla opp ein formue for å prøva seg. Eit fiskekort frå Bø Fiskelag, eller medlemskap i Bø Fiskelag er nok. Men hugs, i lakseførande vassdrag, slik som Bøelva opp til Oterholtfossen, må du ha betalt fisketrygdavgift. Det kan du gjera på posten.
Uansett, dette er så billeg at det skulle vera uturvande å driva med tjuvfiske. Dette har det diverre vore i alle fall ett eksempel på no i sommar.
Styret
Formannen kan ivareta vervet sitt sjølv om han pendlar til arbeidplassen sin utanlands, og han har sagt seg viljug til å fortsetja. Noverande styre som berre skulle sitja til ekstraordinært årsmøte, med valg av ny formann og nytt styre, var halde, blir no sitjande permanent ut året. Sjå “Styre og utvalg” i menyen til venstre.
Meitefiskekonkurranse
Bø Fiskelag inviterar til meitefiskekonkurranse i Tveittjønna sundag 31. august. Følg skilt til Tveiten frå Lundevegen.
Påmelding frå kl. 12.00. Fiske frå kl. 13.00 til kl. 16.00.
Påmelding kr. 50. Mat og drikke ordnar de sjølve.
Velkomne !
Juli 2008
Fiskekonkurransen
Den 24 timars fiskekonkurransen gjekk av stabelen som planlagt, og her har du kva aktivitetsutvalget har å melda:
Den årvisse fiskekonkurransen for medlemmene i vatna våre på Lifjell vart halden helga 5. til 6. juli. Fint og varmt ver på laurdagen, men dårleg på sundagen. Dei fleste rakk likevel nedatt til lagshuset for innveging av fisken før uveret byrja for alvor.
Det var i år 15 deltakarar, ein liten oppgang frå året før. Det blei totalt tatt 39 fisk. Størrelsen på fisken var dårlegare enn året før. I vaksenklassa vann Torgeir Tjønntveit med både størst og flest fisk. Den største vog 390 g og blei tatt i Midtre Repetjønn. I ungdomsklassa vann Espen Strand.
Klikk her for å lesa rapporten frå i fjor.
Juni 2008
Utsetting av fisk i nedre del av Bøelva
Vi får no avsetnad på ein del av overskottet av settefisk som vi har gåande i klekkeriet.
Sauherad jeger- og fiskeforening har overteke ca. 750 3-somrige av Landsmarka-stamme og sett dei ut, og fleire vil dei henta etter kvart.
Årets 24 timars fiskekonkurranse for medlemer
blir arrangera på Lifjell helga 5.- 6. juli.
Det blir påmelding i lagshuset på Oterholt laurdag 5. juli kl 11 – 13. Påmelding kan og gjerast på telefon 95297917 i same tidsrom. Påmeldingsavgift kr. 50.
Fiske frå laurdag 5. juli kl.14 til sundag 6. juli kl. 14.
Innveging av sløyd fisk i lagshuset på Oterholt sundag 6. juli kl. 16.
Det blir to klassar, over og under 16 år.
Sjå nærare annonsering i Bø Blad.
Mai 2008
Hytta på Holmen
Gamlehytta er no reve, slik føresetnaden var då ein fekk løyve til å bygge den nye hytta.
Grovarbeidet blei gjort ved at ho blei dregen overende med bandvogna. Seinare har det gått med eit par helger til framgraving, opplasting og transport med bandvogna til Jønnbu, og vidare med traktor til avfallsdeponiet til Lommerud. Det blir nok og ein del “smårydding” når snøen har forsvunne.
Hyttereglane er no justera, etter at styret vedtok låsing av hytta. Sjå sida “Hyttereglar” under “Andre sider”.
Dugnad
Det er stort behov for dugnadsarbeid i forbindelse med vedlikehald og opprydding på området ikring lagshuset og klekkeriet, og på sjølve bygningane.
Så møt fram på torsdagskveldane no framover og ta et tak !
April 2008
Pilkekonkurransen
som er annonsera nedanfor blei avlyst, og grunnen kan du kanskje sjå av bileta. Det snødde og føyka, og dei tre karane frå aktivitetsutvalet som drog innover på laurdag for å førebu konkurransen, hadde eit par timars stridt arbeid med å måka seg ned til hytta.
Tjukkelsen på isen var og så stor at det var med naud og neppe at ein fekk hol med det største isboret.
Pilkekonkurransen,
som er for laget sine medlemer, blir halden på Holmen på Lifjell sundag 6. april. Det blir transport til og frå Holmen, og oppmøte er på Jønnbu seinast kl. 0900.
Prisen er kr. 100 pr. pers. for vaksne (over 16 år), og kr. 50 for born, inkl. transport og påmelding til konkurransen.
Ta med mat og drikke. Bål ordnar vi.
På grunn av transporten ønskjer vi tilbakemelding på om du kjem, til Helge tlf. 90 96 08 24 eller Per Ingar tlf. 95 29 79 17 innan fredag 4. april kl. 2200.
NB Atterhald for veret.
Mars 2008
Pilkekonkurranse
Årets pilkekonkurranse vil gå av stabelen på Holmen sundag 6. april. Den vil bli annonsera nærare, så følg med !
Hytta på Holmen
På grunn av ureglementera bruk er det etter drøfting på årsmøtet og i styret bestemt at hytta skal låsast, og dette blei gjort i veke 9.
Vi vil koma nærare attende med supplering av hyttereglane i samband med dette.
Februar 2008
Årsmøtet
Årsmøtet blei halde fredag 8. februar. 18 medlemer møtte.
Møtet blei noko spesielt, då valgnemnda måtte melda at den etter mykje arbeid ikkje hadde klart å finna nokon som var viljug til å stilla som formann.
Laget sine lover seier at formannen skal veljast av årsmøtet, og det vil seia at det må kallast inn til ekstraordinært årsmøte seinare.
Ein vedtok at ein skulle venta med heile styret til då, og det gamle styret blir difor sitjande inntil vidare.
Leiarane i utvalga blei valde, og dei rekrutterar dei øvrige utvalgsmedlemene.
Ellers var årsmøtet vellukka, og det kom mange innspel, mellom anna om korleis hytta på Holmen skal administrerast.
Biletet nedanfor er frå den hyggelegaste delen av møtet, nemleg servering av Spa frå Bø Tradisjonsmat.
                                     
Flugebindarkurset
startar onsdag 5. mars kl.19. Det har meldt seg 4 – 5 deltakarar, men det er plass til fleire ifølgje Howard Parker.
Januar 2008
Godt nytt år !
Styret ønskjer alle medlemer og andre lesarar av nettsidene eit godt nytt år.
Skitt fiske i 2008 !
Flugebindarkurs
Vi tar sikte på å arrangera eit flugebindarkurs no i vinter dersom nok deltakarar melder seg. Kurset startar ein gong i februar, og instruktør blir Howard Parker. Kurset blir halde i lagshuset.
Dersom du er interessert i å delta og vil senda oss ein e-post, så klikk her.
Nærare om oppstart og øvrig program kjem nå vi får oversyn over talet på deltakarar.