Desember 2014
Vassprøvetaking
Det er viktig å halde auge med vasskvaliteten i vatna våre. Jostein nytta godveret og drog til fjells med prøveflasker. Her er det han kunne melde:
Fremdeles åpne bekker og tynn is på vatna på Lifjell. Fint å gå til Skåråfjellholmen, truger anbefales videre. Enkelte hadde også tatt i bruk ski.
Her fra vannprøvetakning på utløpsbekken i Storsteinstjønn.
(04.12.2014)
November 2014
Bøelva
Bøelva vil vera mykje i fokus i tida framover. Konsesjonssøknaden med konsekvensutredning for utbygging av Nye Oterholt kraftverk er sendt ut på høring med frist for å koma med uttale 6. februar. Vi har tidlegare gjeve uttale til programmet for konsekvensutreninga, og vi skal sjølvsagt gje uttale no og, mellom anna om korleis dei har teke omsyn til det vi tidlegare har sagt. Utpå nyåret blir det folkemøte der alle kan møta opp og seia meininga si.
Sist tirsdag var det åpent møte på Årnes kafeteria der vannområda Skien-Grenlandsfjordene og Midtre Telemark Vannregion Vest-Viken hadde invitert til drøfting av Regional plan for vannforvaltning, som er lagt ut til høring med frist 31. desember. Drøftinga hadde serleg fokus på tilhøva for anadrom fisk i Skiensvassdraget.
Vi var bra representert og fekk lufta fleire ting, serlig om Bøelva og tilhøva for lakseoppgang og -nedgang. Mellom anna var ein representant for Grenland Sportsfiskere der og gjorde greie for problema omkring laksetrappene i Klosterfoss og Skotfoss.
Handteringa av Bøelva i Regional plan for vannforvaltning blei og kommentert frå vår side.
Vi kjem til å gje høringsuttale til planan, som vil vera retningsgjevande for vilkåra i ein eventuell konsesjon.
Bakgrunnen for Regional plan for vannforvaltning er den norske Vannforskriften, som igjen bygger på EUs Vanndirektiv, som pålegg medlemslanda i EU og EØS å planlegge for, og gjera tiltak for å betra vasskvaliteten i vassdraga sine.
Det kan seiast mykje om alle direktiva som blir pålagt oss, sjølv om vi berre er medlem i EØS, men Vanndirektivet bør i alle fall vi som er interesserte i gode levetilhøve for fisken vera glade for.
(13.11.2014)
 
 
Oktober 2014
Årets stamfiske
gav eit bra resultat, samanlikna med tidlegare år. I alt 1,8 liter rogn blei lagt i klekkekara, fordelt med 0,6 liter frå Holmen på Lifjell, og 1,2 liter frå Landsmarka. I Landsmarka blei det fiska i Smærbu og i Skårdalsbekken.
No er det å håpe at vi får gunstige klekketilhøve.  I fjor vinter var vasstemperaturen for høg på grunn av ein mild haust, slik at klekkinga starta for tidleg . Vasstemperaturen akkurat no er og i høgaste laget, og det er om å gjera at dette ikkje held fram utover seinhausten og vinteren.
(31.10.2014)
September 2014
Makkefiskekonkurransen.
Konkurransen var svært vellukka, me hadde fint vær og ny rekord i antal deltakarar, 17 stk.
Resultatlista ser slik ut:
1.plass: Alf Hvitsand, 17 fiskar.
Størst fisk: Tommy Orekåsa, ei tryte på 480 gr.
Oddgeir Torekåsa fekk største aure på 380gr.
Dameklassa vann Gro Mette Løvheim
Barneklassa hadde tre deltakarar.  Tone Langkås Anundskås og Ane Langkås Anundskås fekk kvar sin fisk, og begge fekk fine premiar.
Etterpå var det  hyggeleg samvær på klubbhuset, med premieutdeling, kaffe og kaker på klubbhuset.
(12.09.2014)
Makkefiskekonkurranse.
Det blir makkefiskekonkurranse i Bøelva  torsdag 11. september frå kl. 1700 til kl. 2000. Påmelding på klubbhuset frå kl. 1600. Påmeldingsavgift kr. 50. Innveging på klubbhuset kl. 20.30.
Det kan fiskast i heile Bøelva frå utløpet frå Seljordsvatnet til Norsjø. Husk fiskeavgift dersom du skal fiske nedanfor Oterholtfossen.
Gjeve premiar frå G-sport og Brukås Sport ! Sjå annonse i Bø Blad.
(1.09.2014)
Juni 2014  
Døgnfiskekonkurransen på Lifjell.
20  personar deltok i konkurransen, som gjekk føre seg i eit vekslande ver.
Susanne Langkås vant barneklassa med 5 fisk og totalt 568gram.
Halvor Darrud vant vaksenklassa med 17 fisk og totalt 2490gram.
2. plass tok Ingar Tjønnås med 12 fisk og totalt 1365gram.
Kristian Flå tok den største fisken, som var 400 gram.
Stor takk til G-sport og Brukås Sport for flotte premiar!
(30.06.2014)
24 timars fiskekonkurranse på Lifjell.
Dette årvisse evenemanget går av stabelen helga 28.- 29. juni.
Påmelding laurdag 28. juni kl. 9 – 11 på klubbhuset, eller pr. SMS til Atle Tjønnås på telefon 90026902.
Fiske frå laurdag kl. 1400 til sundag kl. 1400.
Innveging og premieutdeling på klubbhuset sundag kl. 1700. Fine premiar frå G-sport og Brukås Sport.
(10.06.2014)
  
Turløypene på Lifjell presentert.
Det var godt oppmøte på Jønnbu då det utvida løypenettet og inftotavla blei presentert i går kveld. Nøkkelpersonane i turlaget og løypelaget hadde ordet, og dei som har vore pådrivarar og utført jobben blei takka.
Til sist tala ordføraren og gav uttrykk for at kommuen set pris på de som er gjort, og han gjekk langt i å lova støtte i arbeidet vidare.
(4.06.2014)
  
Så er fiskesesongen igang.
Slik er Langetjønn akkurat no. Gunnar Rønningsland rapporterar etter gårsdagens tur: Da er Langetjønn isfri. Såg ein
8- 10 vak idag. Fekk ingen fiskmen et fantastisk vær. Masse folk ved og ront vatnet.
(30.05.2014)
Presentasjon av løypenenettet på Lifjell
Tirsdag 3. juni kl. 1800 har Bø Turlag presentasjon på Jønnbu av det utvida løypenettet sitt på Lifjell. Då blir det og presentasjon av dei nye infotavlene som vi skreiv om i mars. Med desse blir det lett å finna vegen til fiskevatna våre. Skal du fiske treng du heller ikkje å ha fiskekort med deg, for på hovudtavla på Jønnbu får du informasjon om korleis du på ein enkel måte kan kjøpa fiskekort med hjelp av mobiltelefonen.
(26.05.2014)
Mars 2014
Årsmøtet
gjekk av stabelen 14. mars. Sakene gjekk greit unna, og årsmelding, regnskap og framlegg til budsjett blei godkjent utan vesentlege merknader. Styret blei attvalt med akklamasjon, men det kan i prinsippet bli omrokkeringar i
styreverva når det konstituerar seg.
Frammøtet var omlag som det plar vera.
(16.03.2014)
Koldtbordet på årsmøtet, som Bjørnar Nygaard hadde hovudæra for, var svært
populært. Det inneheldt mellom anna varmrøykt laks. Laksen var fiska av Alf Hvitsand i Bøelva.
(At bildet er noko ute av fokus skuldast fotografens iver etter å koma fram til godsakene).
Infotavler på Lifjell.
På årsmøtet informerte Tor Sisjord om et prosjekt som Bø Turlag har på gang, med infotavler med løypekart og annan informasjon på utvalde stader på Lifjell. Hovudtavla skal vera på Jønnbu, og der skal mellom anna vera informasjon om fiskekortordninga vår. Karta på tavlene skal visa alle vatna våre med tydelege symbol. Årsmøtet tok vel imot desse opplysningane og meinte at det vil vera av stort verde for arbeidet vårt, slik at vi kan bidra med økonomiske midlar.
(16.03.2014).
Januar 2014
Årsmøtet.
Årsmøtet blir halde fredag 14. mars. Saker ein vil ha handsama må vera styret i hende seinast 15. februar.
(31.01.2014)
Nytt frå klekkeriet.
Det har vore uvanleg tidleg klekking i år. I karet som inneheld rogn frå Lifjell er all rogna klekt. Det vanlege er at klekkinga startar i februar.
Grunnen til dette er at summen av døgngrader er høg etter den milde førejulsvinteren.
Dette er ikkje berre av det gode. Dersom vi får streng kulde etter at plommesekkane hos yngelen er bruka opp, kan yngelen få vanskar med å ta til seg for.
(12.01.2014)