Oterholtfossen truga på nytt


Midt-Telemark Energi ynskjer framleis å bygge ut Oterholtfossen i Bø. NVE har tidlegare sagt nei av omsyn til fisken og muslingane i elva.
Dei negative konsekvensane for dyr, natur, friluftsliv, landskap og kulturmiljø var omfattande, samstundes som den økonomiske gevinsten var liten og usikker.
MTE har fått Olje- og energidepartementet med på likevel å vurdere løyve.
25. juni var det ny synfaring, og NVE sine vurderingar vil no settast under tvil.

Lukk meny